Måløy-lærar Per-Magne Løken mottok nyleg prisen på 50.000 kroner av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Akademiets lærarpris har blitt delt ut annakvart år sidan 2009 til ein lærar i grunnskulen eller vidaregåande skule som har gjort ein ekstraordinær fagleg og pedagogisk innsats.

Prisen på 50.000 kroner blei utdelt av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe på Det Norske Videnskaps-akademis årsmøte i Oslo 3. mai.

Mållaus og rørt

Løken sjølv blei heilt mållaus då han fekk nyheita.

– Då det etter kvart gjekk opp for meg, blei eg nokså mållaus, og eg hugsar ikkje akkurat kva eg svarte. Men eg håpar at eg takka pent i alle fall, seier Løken.

Både rektorar, lærarar, elevar og foreldre kan nominere kandidatar til lærarprisen. Løken er svært takknemleg for nominasjonen.

– Først og fremst blei eg veldig rørt. I tillegg følte eg på ei stor takknemlegheit overfor den som har nominert meg og den grundige jobben som er gjort med nominasjonen. Det er utruleg å tenke på at eg er funnen verdig til ei slik utmerking, seier læraren.

Betyr mykje for lokalsamfunnet

Priskomiteen er oppnemnt av Det Norske Videnskaps-Akademi og består av fire medlemmer. I grunngjevinga frå komiteen står det:

«Gjennom sin varierte og engasjerende undervisning makter Per-Magne Løken å møte det mangfold av elever med ulike bakgrunnskunnskaper som Måløy vidaregåande skule rekrutterer fra distriktet rundt. Og mens andre små skoler sliter med rekrutteringa til programfaget engelsk, er dette faget spesielt populært på Måløy videregående skule, med Løken som lærer.

Løken har vært sensor i skriftlig engelsk mange ganger, og har også vært leder av fagnettverket i engelsk i gamle Sogn og Fjordane. Han holder kurs for kolleger på egen skole og for andre lærere rundt om i fylket. Av kollegaer blir han regnet som en spesielt kompetent, oppdatert og solid fagperson.

Per-Magne Løken er en representant for en type lærer som er idealist, brenner for sine fag og sine elever – og som betyr mye for lokalsamfunnet og for de unges videre utvikling.»