Agenda Kaupang har tidlegare presentert den første delen av sin gjennomgang for Stad-politikarane. Her kom det fram at dei føreslo å rive fem skulebygg og bygge nytt for å få ein moderne standard i skulen. For dei andre tre skulane føreslår dei moderate oppgraderingar. Sluttsum: 923 millionar.

Slik ser saklista for torsdagens møte ut:

  • Godkjenning av innkalling og saksliste

  • Godkjenning av møteprotokoll

  • Referatsaker

  • Orienteringssaker til kommunestyret frå ordførar - 04.05.2023

  • Orienteringssaker til kommunestyret frå kommunedirektøren -

  • Endring møteplan 2023

  • Finansiering utbygging Gjerdane Barnehage

  • Søknad om produksjonsstønad og underskotsgaranti - Elskhug og eksis 2023

  • Søknad om støtte til Vestlandsk sommarsymfoni 2023

  • Behandling av søknader om støtte til krans på 17. mai

  • Rullering av handlingsprogram regional transportplan - innspel frå Stad kommune

  • NTP 2025-2036 - innspel frå Stad kommune

  • Uttale frå Stad kommune til forslag til ny forskrift om hausting av tare i Rogaland og Vestland

  • Val av representant til årsmøtet i Fjordane Folkehøgskule 2023

  • Samanslåing av kommunale føretak i Stad kommune

  • Samanslåing av kommunale føretak i Stad kommune

  • Westmek AS avhending av næringstomt areal A og B Borgundvåg næringspark

  • Grunngjeve spørsmål til ordførar 04.05.2023 - Kostnadar med symjeundervisning i ytre del av Stad kommune