Det britiske raidet mot Måløy var eit desperat og valdeleg overgrep, hevda tyskarane og norske nazistar. Spesielt bestialsk var det at medlemer av Nasjonal Samling vart slept med over Nordsjøen, til fangenskap i England. I den tyskkontrollerte norske pressa vart det ropt på hemn. Men kven skulle ein hemne seg på?

Det tok ikkje lang tid frå den tyske okkupasjonen var eit faktum våren 1940 før også den norske pressa var under effektiv, tysk kontroll. Det var såleis berre den tyske og nasjonalsosialistiske versjonen av sanninga som var tilgjengeleg for nordmenn gjennom presse og radio. Ein risikerte hard straff, endåtil dødsstraff for å produsere og distribuere illegale aviser eller for å lytte til radiosendingar som ikkje var under tysk kontroll. Også aviser som ikkje sokna til Nasjonal Samling – som frå hausten 1940 var einaste lovlege norske parti – vart tvungne til å fungere som reiskapar for okkupasjonsmakta. Det skjedde gjennom krav om kva som skulle skrivast, og gjennom pålegg om kva som ikkje skulle nemnast med eit ord.

Og nettopp dette er noko av det mest påfallande ved omtalen av Måløyraidet i dei norske, tyskkontrollerte avisene: Leitar vi etter stadnamna Måløy eller Vågsøy, så finn vi dei ikkje i det heile, iallfall ikkje den fyrste tida. Mykje spalteplass vart rett nok nytta til raidet, men det tok heile to månader før styresmaktene vedgjekk at det var i Måløy at den allierte landgangen hadde gått føre seg.

For oss om les desse avisene i dag, skapar dette visse problem. Samstundes som soldatane gjekk i land i Måløy, gjekk nemleg kameratane deira i land over 400 nautiske mil lenger nord, i Reine i Lofoten (den såkalla Operation Anklet). Det er såleis ikkje alltid heilt enkelt å avgjere kor vidt avisoppslaga i dagane og vekene etter 27. desember 1941 refererte til raidet i Måløy, raidet i Lofoten eller båe raida under eitt, til dømes når avisene intervjua «augnevitne» eller fortalde om einskildepisodar – som forresten like gjerne kan ha vore fri dikting. Dei to operasjonane, Archery og Anklet, var planlagde parallelt, og hadde viktige likskapstrekk. Til dømes innebar båe raida at dei allierte tok med seg norske frivillige og pågripne lokale nazistar tilbake over Nordsjøen. Men Archery, raidet mot Måløy, vart rekna som meir vellukka sett frå alliert side, nettopp fordi det her vart harde kampar og store tyske tap. I den norske eksilpressa heitte det at både soldatar og lokalbefolkning var skuffa over at det ikkje vart nokon verkeleg kamp i Lofoten, og dei teikna eit bilete av raidet «som var det rene julekort sammenlignet med bildet av de voldsomme kampene som samtidig ble utspilt i Måløy» (Nordisk Tidende, 7. januar 1942).

Måløy måtte ikkje nemnast

Vi kan slå fast at tyskarane av ulike grunnar må ha sett det som viktig at den norske ålmenta ikkje skulle kjenne til at det vart nettopp i Måløy at raidet – eller strandhugget, som var ordet som den gong vart hyppigast brukt i aviser under tysk sensur – hadde gått føre seg. Norske kommentatorar i London slo også fast at tyskarane ikkje våga å fortelje sanninga, og prøvde å skape inntrykk av krigshendingane hadde gått føre seg i Nord-Noreg. «Det er ganske karakteristisk at tyskerne helt har unngått å nevne Måløytoktet.» Men nordmenn der heime fekk likevel vite sanninga gjennom andre kanalar: «Over Stockholm meldes ... at de hemmelige norske flygeblad har sendt ut spesialnummer i forbindelse med Måløytoktet og at de britiske kommunikeene blir offentliggjort her.» (Norsk Tidend, 10. og 17. januar 1942).

Eit noko absurd utslag av den tyske sensurpolitikken, er at Fjordenes Tidende etter alt å døme fekk forbod mot å omtale den største nyhendesaka i Måløy nokon gong. I avisa som kom ut på nyttårsaftan, finn vi berre spor etter raidet i form av ei dødsannonse for det det einaste sivile offeret under raidet, Ragnvald Thorheim, som «døydde brått» på Ulvesund fyr tredje juledag. Kanskje finn vi òg ein liten markør på at noko utanom det vanlege hadde skjedd gjennom den redaksjonelle orsakinga for at avisa kom ut éin dag seinare enn tidlegare lova. I avis nummer to på nyåret, den 8. januar, stod det på annonseplass ei kunngjering om korleis folk skulle gå fram for å krevje erstatning etter krigsskadar, og Krigsskadetrygden lovde å sende over ein representant til assistanse for «de skadelidte», og då i «anledning de nå inntrufne skader i Måløy». I same nummer presenterte avisa ei byråmelding med detaljar om dei dramatiske hendingane «på den norske kyst», og dette var i hovudsak det same oppslaget som desse dagane kom på trykk i ei lang rekkje norske aviser, frå landsende til landsende.

BRUTALT: Den andre verdskrigen var i høgste grad også ein propagandakrig. Den tyske versjonen av sanninga vart tvungen inn på norske avislesarar. Denne artikkelen, som legg vekt på kor brutalt dei allierte soldatane gjekk fram «på den norske kyst», var å lese i ei lang rekkje av landets aviser. Foto: Faksimile: Bergens Tidende, 3. januar 1942

Ein britisk avleiingsmanøver

Dei fyrste presseoppslaga kom på trykk i Noreg to dagar etter raidet, og desse baserte seg i hovudsak på ein kombinasjon av tyske byråmeldingar mynta både på eit tysk og internasjonalt publikum, og norske byråmeldingar utforma spesielt med tanke på eit norsk publikum. Begge delar vart vidareformidla gjennom tyskkontrollerte NTB.

Kva bilete var det så som vart skapt gjennom desse fyrste oppslaga? Det viktigaste synest å ha vore å bagatellisere den militære verdien av det britiske «overfallet», å framheve at det fyrst og fremst var norske sivile som var skadelidande av kamphandlingane, og å dempe inntrykket av at handlingane innebar noko tysk prestisjetap: Den norske kysten var frå naturens side skapt slik at dei allierte ville ha rikeleg med høve til å gjere innbrot og oppnå kortvarig framgang, utanfor det eigentlege kystforsvaret. Men dette landgangsforsøket vart over alt slått tilbake av tyskarane, hevda ein i Berlin. Strandhogga måtte oppfattast som ein britisk avleiingsmanøver, sett i verk for å leie merksemda vekk frå dei store britiske vanskane i møte med den japanske offensiven i det austlege Asia, heitte det òg.

I dei fyrste meldingane vart det, stikk motsett av kva som var realiteten, hevda at dei tyske tapa var små og at dei britiske tapa var store. Så vidt eg kan sjå, gjekk tyskarane aldri offisielt ut med eigne tapstal under raidet. Men meldingane understreka fram for alt at raidet hadde gått hardt utover norske handelsskip i kystfart og annan norsk sivil eigedom. Dette inngjekk i ein større strategi for å innprente at «vanlege» nordmenn i realiteten stod i eit lagnadsfellesskap med tyskarane, som offer for britisk terror.

Hykleriske emigrantar i London

I dei tyskkontrollerte framstillingane var tyskarane naturlegvis heltar, og forsvararar av sivile nordmenn mot dei britiske barbarane. På eit tidspunkt då det enno var uklårt for tyskarane kva som faktisk hadde gått føre seg, uttrykte Bergens Tidende typisk nok ei von om at tyskarane kanskje kunne ha klart å jage overfallsmennene på flukt «før de kom så langt at de denne gang fikk drept nogen nordmann». Skribentane la lite imellom i skildringa av den britiske råskapen: I skarp kontrast til kva som var praksis blant riddarlege tyske soldatar, skaut og drap britane såra tyske soldatar som låg hjelpelause i sjøen! Gjennom «augevitne» vart det vidare ført prov for at britane stal støvlane og lommebøker frå falne tyske soldatar, og dei gjekk elles fram med mord, brann og tjuveri. Dei oppførte seg som regelrette sjørøvarar og tjuvknektar, heitte det i typiske referat.

Som ein kunne forvente, vart mykje av raseriet retta mot London-regjeringa og nordmenn i eksil. Kong Haakon og statsminister Nygaardsvold fekk passet sitt påskrive. Dei tyskkontrollerte avisene var ikkje i tvil om at monarken og London-regjeringa var medansvarlege for raidet. Noko av det tristaste var at engelskmennene ikkje kom åleine, heitte det mellom anna. Ein måtte denne gong konstatere at det «også har vært med norskfødte menn som har deltatt i dette overfall på landsmenn». Avisene raljerte over hykleriet til «emigrantane», som på den eine sida klaga seg over krigens harde realitetar gjennom radiosendingar frå London, men som på den andre sida sende denne brutale julebodskapen til det norske folket.

LOKALE HELTAR: I slutten av februar tillét sensuren at stadnamnet Måløy vart nemnt i samband med omtale av det allierte raidet – eller «strandhugget» – i romjula. Frå tysk side var det viktig å få fram at måløyværingane risikerte livet for å hjelpe dei tyske soldatane, og at dei tok avstand frå den britiske råskapen. Foto: Faksimile: Fritt Folk, 26. februar 1942

Eit rop etter hemn

Det mest avgjerande sett frå ein lokal synsvinkel, var likevel kva rolle lokalbefolkninga vart tildelt i dette dramaet. Hemn og represaliar var nemleg ein vanleg terrorteknikk frå okkupasjonsmakta, særleg om ein kunne påvise at nordmenn hadde ytt direkte assistanse til britiske soldatar. Og i Måløy var det sanneleg nok å hemne: 77 lokal sivilistar hadde følgd med dei allierte styrkane over til Storbritannia, noko som innebar å «slutte seg til fienden». Slik flukt kvalifiserte til dødsstraff, og ut frå tysk rettsforståing under krigen, var det ikkje urimeleg med kollektiv straff, retta mot lokalsamfunnet og familiemedlemer.

Denne gongen var det vel å merke ikkje berre tyskarane som raste. Også Nasjonal Samling ropte på hemn, for både i Måløy og andre stader der britane hadde gjort strandhogg, hadde ein nytta høvet til å arrestere NS-medlemer og andre tyskvenlege, naturlegvis saman med tyske krigsfangar. Det skjedde då også i Måløy, der fire norske NS-medlemer var å finne blant dei 102 fangane som vart henta med over Nordsjøen – der imellom NS-ordførarane både i Sør-Vågsøy (Johan Gotteberg, sjå eiga sak) og Nord-Vågsøy (John Sefland). Arrestasjonane hadde ikkje vore moglege utan medverknad frå lokalkjende, som hadde kunna gje «nøiaktig anvisning på de NS-medlemmer som blev tatt med som krigsfanger til England», poengterte Aftenposten den 10. januar 1942. At NS-medlemer var gjort til «lovleg krigsbyte», skapte sinne og redsel, og skulle få dramatiske etterverknader.

Som Olav Flo konstaterer i boka Måløy i gamle dagar frå 2009, vart då også Måløy utsett for represaliar: Tyskarane arresterte 15 familiemedlemer av flyktningar til England, og tok dessutan gislar for bortførte NS-medlemer, men dei avstod frå å brenne husa til flyktningar eller deira næraste. Det siste får lensmann Jakob Refvik æra for å ha hindra. Av Fylkesleksikonet går det fram at dei fleste arresterte slapp ut etter kort tid.

«Korrekte» måløyværingar ...

Represaliane mot Måløy var harde nok, og dei kom vel å merke på toppen av sjokket ved krigshandlingane og dei store øydeleggingane på bygningar, farty og annan infrastruktur. Men sett i lys av den tyske framferda andre stader i landet der allierte soldatar fekk lokal assistanse – med Telavåg på Sotra som det dystraste norske dømet – kunne ein lett ha tenkt seg at endå hardare lut vart teken i bruk. Fire månader etter Måløyraidet vart heile Telavåg med 300 hus jamna med jorda, alle menn mellom 16 og 60 år vart sende i fangenskap, og resten av innbyggjarane vart internerte. Dette skjedde etter ein samanstøyt der to gestapomenn vart drepne. Om vi på dette grunnlaget vel å karakterisere dei tyske represaliane mot Måløy som relativt milde, kan noko av forklaringa på «mildskapen» vere at ein frå tysk side såg raida som ein sjanse til å slå ein ned kile mellom nordmenn og dei norske styresmaktene i eksil. Samstundes kunne ein få fram at «jøssingane», dei engelskvenlege nordmennene, motarbeidde landets sanne interesser. Skulle ein slik strategi vere truverdig, var det avgjerande viktig å skape inntrykk av at «vanlege nordmenn» – her under folket i Måløy – hadde gjennomskoda britane, og dessutan var i ferd med å innsjå at det var Tyskland som verna norske, sivile interesser.

Eg meiner avisomtalen av Måløyraidet speglar ein slik strategi frå tysk side. Dels botnar dette i at avisene i underkommuniserte eller beint fram nekta for at nordmenn av eigen fri vilje flykta over til England. Situasjonen var tvert imot at engelskmennene med trugsmål og løgn hadde prøvd å lokke nordmenn med seg, men med magert resultat, hevda avisene. Aftenposten omtalte i ein leiarartikkel 13. januar 1942 dei få nordmennene som lét seg lokke om bord på britiske krigsskip som forvirra, og dessutan som rotlause i Noreg. «Ennu har ikke en eneste bonde og ikke en eneste voksen arbeider flyktet fra landet», laug avisa, og slo med patos fast at bøndene og arbeidarane «danner kjernen i det norske folk og kommer heller aldri til å flykte fra Norge.»

Viktigare er det at propagandistane på eit tidleg tidspunkt må ha bestemt seg for å demme opp mot dei norske radiosendingane frå London, der det vart hevda at lokalbefolkninga tok imot dei allierte styrkane med opne armar. Nei, dette var ikkje tilfelle, det var tvert om: Sivilistane heldt seg vekke frå kamphandlingane, dei reagerte med avsky på den britiske framferda, og dei tok seg av såra, tyske soldatar etter beste evne, «uten hensyn til sin personlige opfatning av krigen», som det heitte i ein av artiklane. Rosen av den «korrekte haldninga» går igjen i avis etter avis, og er utan tvil nøye gjennomtenkt.

... med eit humant sinnelag

Denne framstillinga av hendingsgangen under Måløyraidet er tydelegast i ei NTB-melding som mellom anna vart publisert på fyrstesida i Fritt Folk, hovudorganet for Nasjonal Samling, den 26. februar 1942. På dette tidspunktet fekk norske avislesarar for fyrste gong høyre stadnamnet Måløy i samband med raidet mot norskekysten. «Nye detaljer fra strandhugget ved Måløy», stod det i overskrifta, medan undertittelen slo fast at «Befolkningen reagerte mot den britiske råskap og hjalp de sårede». Nye rapportar frå Måløy-tragedien synte tydeleg korleis «folk med sunde menneskers evne til reaksjon mot urett og vold optrer når de står overfor hensiktsløs råskap». I Måløy kunne ein sjå korleis folk som ikkje eingong næra tyske sympatiar såg det som ei menneskeplikt å hjelpe «de fåtallige tysker soldater», hevda artikkelen. Måløyværingane gjorde kva dei kunne for å gøyme dei såra, tyske soldatane. «Ja med fare for sitt eget liv førte de britene bak lyset, når disse hujende og skrikende trengte inn i husene og brautende forlangte å få utlevert «disse forbannede tyskere»».

Artikkelen lyfta fram ein norsk sjukepleiar som døme på denne rette haldninga: Ho oppretta ein fyrstehjelpsstasjon ein stad der det låg 19 såra tyske soldatar, og i kuleregnet gjekk ho roleg frå den eine til den andre for å hjelpe. Sjukepleiaren var ikkje åleine. Måløyværingane reagerte humant, og såg til at såra tyskarar fekk kvile i husets beste seng. «Alle var glade over å kunne få gi uttrykk for sine menneskelige følelser og sin trang til å hjelpe, og alt dette skjedde mens hele stedet lå under ild fra britenes skipskanoner. Og en stor del av stedets egen befolkning måtte hoppe i sjøen, da de ellers vilde ha risikert enten å bli brent ihjel i husene sine eller uten skånsel skutt ned av de britiske soldater som for gate op og gate ned i hele Måløy og bar seg som gale.»

Så vidt eg kjenner til, finst det spor av realitetar i denne framstillinga. Det har seinare kome vitnesbyrd både om at såra tyske soldatar fekk pleie, og at folk måtte hoppe på sjøen for å redde seg unna brann og kamphandlingar. Det er likevel ikkje tvil om at artikkelen var tendensiøs, for ikkje å seie løgnaktig. Han var uttrykk for eit ynske om å manipulere lesaren til å tru at måløyværingar flest hadde større sympati for tyskarane enn for britane og dei «såkalte «landsmenn» blant overfallsmennene». Artikkelen slo kategorisk fast at dette var sanninga om hendingane i Måløy. «Det som her hendte viser oss at det norske folket fremdeles er et sundt folk. Den liberalistisk-marxistiske svindel har ikke greid å forgifte selve folkesjelen».

Jøssinglistene: eit vern for lokale NS-arar

Eg meiner altså at det er grunn til å tru at strategien tyskarane og NS valde for å utnytte Måløyraidet til ein fordel i sin eigen propaganda, i realiteten innebar at måløyværingane – som representantar for ei sunn «folkesjel» – måtte framstillast i eit fordelaktig lys. Dette kan igjen forklare at represaliane mot Måløy ikkje vart hardare enn dei faktisk var. Tyskarane og NS hadde eit stort behov for å hemne seg for det som hadde skjedd i Måløy, men dette hemnbehovet vart i hovudsak kanalisert andre stader enn til Måløy og bygdene kring. Dei som skulle svi, var fyrst og fremst dei «skuldige» i London: Kongen, regjeringa og norske militære som stilte seg til teneste for dei allierte. Sidan desse var utanfor rekkjevidde, måtte straffa skje her heime, og rettast mot menneske som stod «emigrantane» nær. Dette var i praksis folk som også sjølve i høgste grad var skuldige ut frå nazistisk logikk, ved at dei var andelege leiarar for motstandskampen.

JØSSINGANE SKAL FÅ SVI: Fritt Folk, hovudorganet til Nasjonal Samling, var i harnisk som følgje av at NS-medlemer vart arresterte av allierte landgangsstyrkar. Avisa krave på leiarplass at jøssingane vart haldne til ansvar når «vergeløse kampfeller» vart gripne. Foto: Faksimile: Fritt Folk, 6. januar 1942

Dette er bakteppet for opprettinga av dei såkalla jøssinglistene, som var ei direkte følgje av raida mot Måløy og Lofoten, og arrestasjonen av lokale NS-toppar. Tanken var at NS over heile landet skulle setje opp lister over framståande jøssingar. I sum skulle namna utgjere 1 prosent av folket, listene skulle brukast som «arbeidsgrunnlag» når ein hadde behov for å setje i verk represaliar. Den 16. januar 1942 gav «minister» og generalsekretær for NS Rolf Jørgen Fuglesang fylkesførarane i partiet ordre om å utarbeide desse jøssinglistene innan utgangen av månaden, «under henvisning til de siste britiske strandhugg, hvor jøssinger medvirket til bortførelse av NS-medlemmer».

Ideen vart lansert i Fritt Folk den 6. januar 1942, ti dagar etter raidet, og ti dagar før ordren om å utarbeide listene kom. Ein kunne ikkje vende det andre kinnet til når verjelause vart angripne, og det var nettopp verjelause dei var, kampfellande i avsidesliggande kystdistrikt, når engelske og norske piratar gjorde strandhogg, og før tyskarane kunne vere på pletten. Skulle ein forsvare dei verjelause, måtte ein leggje til rette for gjengjelding mot «englendernes og jødenes mer eller mindre aktive kampfeller», i Oslo og andre stader i landet: «Det må sørges for at jøssingene – hvor i landet de enn befinner seg – sliter i nervene hvergang de hører om de såkalte strandhugg. ... Represaliene bør ikke få karakteren av hevnakt for allerede begåtte forbrytelser, de må være av forebyggende art, beskyttelsesforholdsregler – eksempelvis ved at der utarbeides lister over jøssinger som står for tur, så snart engelske og eks-norske pirater begår sin næste niddingsdåd. Disse navnelister bør ropes over havet gjennom kringkastingen, slik at Nygaardsvoldregjeringen vet presis hvilke av sine kampfeller den bringer i ulykker hvis noen «quislinger» føres bort.»

Send jøssingane til Austfronten!

Framlegget om represaliar «mot de norsk-britiske bandittoverfall på den norske kystbefolkning» vekte entusiasme i Aftenposten, som fire dagar seinare la til at dei arresterte jøssingane burde sendast til tvungen arbeidsteneste bak den tyske fronten i Sovjet. Eit slikt framlegg ville verke preventivt, og det ville ikkje vere vanskeleg å gjennomføre: «Det er nok av fremstående og velstående jøssinger å ta av ... . De kan godt betale reisen selv. ... Og med det politi-apparat vi nu har fått, vilde det også gå raskt med å få den første kontingent jøssinger sammen til en fellestransport fra Oslo Ø.».

Sjølv om jøssinglistene reint faktisk vart utarbeidde i mange kommunar, og sjølv om listene vart ein reiskap for tyskarane når dei hadde behov for å hemne seg, kan det sjå ut som om dei aldri var tekne i bruk heilt etter intensjonen, og at listene vart makulerte i løpet av krigen (sjå m.a. Sverre Kjeldstadli: Hjemmestyrkene frå 1959). Men fleire fekk kjenne represaliane etter raida på kroppen. Sidan norske offiserar hadde delteke i raida mot Måløy og Lofoten, gav Reichskommissar Terboven den 13. januar 1942 ei forordning om straff for det han karakteriserte som forræderi og løftebrot. 125 offiserar vart arresterte. Argumentet var at dei norske offiserane som var tekne til fange under invasjonen hadde brote løftet dei gav då dei vart slepte fri, nemleg at dei ikkje skulle ta til våpen mot Tyskland. Dette vart mellom anna formidla gjennom avisa Dagen, som dessutan fortalde at Terboven òg arresterte 20 tidlegare høgre hoffembetsmenn og vener av kongehuset som straff for raida.