Hendingane på tampen av året 1941 gjorde den vesle byen ved Ulvesundet til brennheitt nyhendestoff, verda over. Men var dei allierte soldatane heltar eller feige overfallsmenn? Vart dei tekne imot av måløyværingane med opne armar eller med avsky? Avislesarane fekk servert heilt ulike versjonar av sanninga.

Ein ettermiddag i august 1996 var eg på veg heimover etter ei veke på interrail i Europa. Medan eg venta på toget til København, stakk eg innom ein bokhandel på jarnbanestasjonen i Düsseldorf. Augo fall på eit fleirbandsverk om den andre verdskrigen, og eg plukka ut eit band midt i serien, nyfiken på korleis krigen såg ut frå tysk side. Synet som møtte meg då eg slo opp i boka på måfå, var overraskande velkjend: Det var motiv eg hadde sett eit utal gonger tidlegare; dramatiske bilete av bygningar i brann, triumferande britiske infanteristar og mørbanka tyske soldatar med Hände hoch, fanga for ettertida av britiske krigsfotografar tredje juledag 1941. Konturane av Brurahornet og Gotteberghammaren i bakgrunnen etterlét ingen tvil om kvar bileta var tekne. Eg konstaterte at Måløyraidet hadde fått fleire sider i eit tysk bokverk om dei mest dramatiske og skjelsetjande åra i nasjonens historie.

Forfattar: Artikkelserien er skriven av Yngve Flo. Flo, som opphavleg er frå Bryggja, er professor ved Universitetet i Bergen. Han er også tidlegare journalist i Fjordenes Tidende. Foto: UiB

Kanskje var det denne opplevinga som overtydde meg om at det som skjedde i og rundt Måløy den dramatiske laurdagen over 30 år før eg sjølv var fødd, faktisk var noko mykje meir enn ei lokal hending. Eg hadde tidlegare høyrt ytringar om at raidet hadde viktige ringverknader for krigen i stort, og dette hadde eg stilt meg nokså tvilande til. Slike påstandar måtte vere basert på ein solid dose lokalpatriotisme, hadde eg tenkt. For sjølv om dette unekteleg var den mest dramatiske krigshendinga på våre kantar av landet, hadde eg vanskar med å sjå føre meg at raidet mot Måløy var noko meir enn ein fotnote i den store forteljinga om krigen.

Måløyraidet har fylt mange spaltemeter i aviser, tidsskrift og bøker opp gjennom åra. Ein del av forklaringa er den gode tilgangen på dramatiske bilete frå aksjonen i romjula 1941. Biletbladet Aktuell var på reportasjetur til Måløy i 1966 og intervjua innbyggjarar som hadde opplevd dramaet 25 år tidlegare. På dei følgjande sidene skal vi konsentrere oss om presseoppslaga dei fyrste dagane og vekene etter Måløyraidet. Foto: Faksimile: Aktuell nr. 35, 27. august 1966

Eit lite stykke verdshistorie

Så har eg etterkvart fått erfare at Måløyraidet, også kjend som Operation Archery, var større og viktigare enn eg trudde. Raidet syner att i krigslitteratur og historiske analysar, dels grunna dramaet ved sjølve aksjonen, men kanskje i endå større grad gjennom dei moglege eller sannsynlege ringverknadene. Etter det eg kan sjå, er det spesielt to synspunkt som går att når historikarar drøftar kva som var dei viktigaste implikasjonane av raidet: For det fyrste vert det hevda at Måløyraidet – rett nok i kombinasjon med annan offensiv, britisk aktivitet på kysten av Noreg – fekk innverknad på tyske militære disposisjonar. Hitler personleg skal ha vorte overtydd om at Noreg ville verte eit lagnadsområde i krigen etter hendingane i ytre Nordfjord. Han frykta ein alliert invasjon på norskekysten, og batt difor store flåte- og hærstyrkar i Noreg. Dette var viktig, fordi desse styrkane då vart ståande meir eller mindre uverksame her i landet heilt fram til kapitulasjonen. Ein kunne ha tenkt seg at dei i staden vart mobiliserte til fordel for den tyske krigsmakta der dei avgjerande kamphandlingane verkeleg skulle kome til å utspele seg. Kva det igjen kunne ha hatt av konsekvensar, er vanskeleg å seie noko sikkert om, men det er i alle høve truleg at verda måtte ha venta endå lenger før krigslidingane tok ein ende.

For det andre er mange opptekne av at Måløyraidet representerte ei viktig endring i britisk stridsteknikk og krigsstrategi. Tyskarane hadde gjennom dei to åra som var gått sidan krigsutbrotet hatt stor militær suksess gjennom kraftfulle, raske og samordna militære operasjonar. Raidet mot Måløy var den fyrste gongen britane verkeleg fekk til å samordne innsatsen til infanteri, flåte og flyvåpen; ein såkalla kombinert operasjon. Britane vurderte dette eksperimentet som vellukka, og heldt fram med å utvikle og å perfeksjonere strategien. Det går såleis ein raud tråd frå raidet i Måløy og fram til den verkelege styrkeprøva to og eit halvt år seinare, under den allierte landgangen i Normandie den 6. juni 1944.

27. desember 1941: Måløyraidet var i gong. Det dramatiske bildet er tatt frå Gotteberg i Måløy. Foto: privat

Krise i London – og krise i NS

Måløyraidet syner dessutan godt att i den nasjonale krigshistoria, fyrst og fremst gjennom det norske innslaget i kommandostyrkane, og det tragiske dødsfallet til kaptein Martin Linge. Når det gjeld konsekvensane av raidet, legg mange framstillingar vekt på at raidet representerte ei krise, og der igjennom eit viktig vendepunkt i tilhøvet mellom det norske eksilmiljøet i London og dei britiske militære og sivile styresmaktene. Raidet vart gjennomført med norsk militær medverknad, men utan at den norske eksilregjeringa i London vart informert og involvert på førehand. Det skapte sterk, norsk indignasjon, mellom anna basert på ei frykt for at denne typen militære nålestikk til sjuande og sist ville gå hardast ut over sivile nordmenn, og skape større motsetnader mellom norsk utefront og heimefront. Det synest som om krisa Måløyraidet utløyste vart ein vekkjar både på norsk og britisk side. Etterkvart vart det gjensidige militære og politiske samarbeidet tett og tillitsfullt.

Heime i Noreg fekk raidet mykje å seie for Nasjonal Samling, partiet som hadde stilt seg til teneste for dei tyske okkupantane, men som i eigne auge var den einaste, sanne forsvararen av norske interesser. Då dei allierte trekte seg tilbake over Nordsjøen etter fullført oppdrag i Måløy, tok dei òg med seg lokale, norske nazistar som krigsfangar. Dette skapte ei veldig frykt og eit veldig raseri i NS, som openlyst tok til orde for hemn mot kongetru og englandsvenlege nordmenn. Tiltaka bidrog til å auke dei allereie djupe motsetnadene mellom NS og det folket det ynskte å representere, og dermed til å gjere NS endå meir isolert. Samstundes kom NS i ein vanskelegare posisjon overfor tyskarane. Partiet drøymde om å ta over regjeringsmakta, og skape eit «fritt» Noreg som kunne inngå fred med Tyskland. Raidet bidrog til at tyskarane forkasta alle planar om å overlate taumane til Quisling og hans menn. Quisling vart rett nok utnemnt til statssjef av tyskarane fem veker seinare, men det var openbert at han som norsk «ministerpresident» stod i spissen for ei rein marionettregjering.

Måløyraidet har fylt mange spaltemeter i aviser, tidsskrift og bøker opp gjennom åra. Ein del av forklaringa er den gode tilgangen på dramatiske bilete frå aksjonen i romjula 1941. Biletbladet Aktuell var på reportasjetur til Måløy i 1966 og intervjua innbyggjarar som hadde opplevd dramaet 25 år tidlegare. På dei følgjande sidene skal vi konsentrere oss om presseoppslaga dei fyrste dagane og vekene etter Måløyraidet. Foto: Faksimile: Aktuell nr. 35, 27. august 1966

Nye kjelder opnar seg

Det har vore skrive enormt mykje om Måløyraidet. Operasjonen har vore omtala i hundretals bøker berre her til lands, og når det gjeld aviser, tidsskrift og vekeblad, kan vi snakke om tusentals oppslag. For oss som er historisk interesserte, er det ekstra spanande at mykje av dette materialet er langt lettare tilgjengeleg i dag enn berre for nokre få år sidan. Det har gått føre seg ein veldig innsats for å digitalisere publikasjonar som tidlegare berre var tilgjengelege på papir eller på mikrofilm. I Noreg går mykje av digitaliseringa føre seg i regi av Nasjonalbiblioteket, og her har vi den store fordelen at mykje av det som er digitaliset er gjort tilgjengeleg for oss alle. Ein del av dette kan kven som helst søkje opp og lese i frå datamaskiner eller nettbrett heime i sofakroken, anna er på grunn av opphavsrettane litt meir komplisert å få tilgang på. For meinigmann inneber det som regel at ein må oppsøkje desse historiske avisene på eit bibliotek eller på ein annan institusjon som har dei rette digitale tilgangane.

For oss som har stor glede av å lese gamle aviser, inneber digitaliseringa at ei historisk gullgruve har opna seg. Avisene gjev eit unikt innblikk i korleis ein tenkte og resonnerte der og då, frigjort frå den etterpåklokskapen som våre tolkingar alltid vil vere farga av. Og når det gjeld ei hending som Måløyraidet, kan vi vinne mykje kunnskap ved å sjå korleis raidet vart oppfatta og framstilt i dagane og vekene som følgde. Ekstra spanande er det naturlegvis å studere dei store skilnadene avisene imellom, alt etter kva forhold dei hadde til dei krigførande partane.

Ein kjærkomen psykologisk siger

Og det er dette som er temaet dei følgjande sidene: Korleis var Måløyraidet forklart og skildra, og kva konsekvensar såg ein i samtida av det som hadde gått føre seg i Måløy tredje juledag? Kva vert vektlagt i presseorgan som var under tysk kontroll, og korleis skil desse seg frå framstillingar av raidet i frie, norske presseorgan i eksil?

Eg har i denne omgang konsentrert meg om norskspråklege aviser, medan utanlandske oppslag berre er refererte i den grad dei syner att i dei norske avisene. Men eg må likevel få poengtere at Måløyraidet vekte stor oppsikt i samtida, også langt utanfor landets grenser. Tysk og tyskkontrollert presse freista dels å bagatellisere det som hadde skjedd, dels å æreskjelle og håne britane. Går ein til pressa i allierte land, vart raidet feira som ein stor siger. Raidet var ein hardt tiltrengt stimulans for sjølvtilliten til dei allierte ved utgangen av året 1941, året der tyskarane og japanarane gjekk i strupen på høvesvis Sovjetunionen og USA; året då verdskrigen verkeleg vart ein verdskrig. Kanskje var det som hadde gått føre seg på kysten av Noreg, på stader med eksotiske namn som Vaagso eller Maloy, eit teikn på at krigslukka ville snu, til fordel for dei allierte?

Også i nøytrale Sverige utløyste den engelsk-norska raiden mot Vågsöy och Målöy livleg presseaktivitet. Tolkingane gjekk gjerne på at raidet i militær forstand ikkje var spesielt viktig, men at raidet kunne ha stor verdi i psykologisk og propagandistisk forstand. Merksemda kring raidet i Måløy vart halden ved like i vekevis og månadsvis ved at dei dramatiske filmopptaka vart gjort tilgjengelege, og nådde det breie publikum i allierte og nøytrale land i form av spesialframsyningar og forfilmar på kino.

Her kan du lese vidare om medieomtalen av Måløyraidet i dei neste fire artiklane i serien: