Tredje juledag 1941 forsvann grunnen under føtene på Johan Gotteberg. Industrimannen hadde slutta seg til Nasjonal Samling, og hadde fungert som ordførar i Sør-Vågsøy i eitt års tid. No var det slutt. Han vart henta av dei allierte styrkane under Måløyraidet, og sat dei neste åra bak lås og slå i eit britisk fengsel.

Vi har allereie sett at Nasjonal Samling ropte på hemn og represaliar etter Måløyraidet, i sinne over at deira eigen partifellar vart arresterte og frakta over til eit dystert tilvere i britisk fangenskap. Sentralt i dette dramaet stod den 50 år gamle Johan Gotteberg. Han var fødd på Trollebø i 1891, og var eigar av hermetikkfabrikken Nordfjord Preservering på Sæterneset, som vart sprengt i lufta under Måløyraidet. Ikkje berre miste han fridomen då dei allierte soldatane steig i land. Gotteberg vart òg, høgst ufrivillig, tildelt ei rolle i den London-baserte norske propagandakrigen mot Nasjonal Samling.

Johan Gotteberg slutta seg til Nasjonal Samling, og vart ordførar i Sør-Vågsøy på nyåret 1941. Han vart arrestert under Måløyraidet og teken med til England, og vart lyfta fram i den norske propagandaen – som ei påminning til nordmenn både ute og heime om at rettferda ville innhente dei som stilte seg til teneste for okkupantane. Gotteberg vart «analysert» gjennom ein stor artikkel i Norsk Tidend, og fotoet av han prydde også eit flygeblad om Måløyraidet som vart smugla inn i Noreg. Foto: Flygeblad over Norge 1940–1945 av Egil H. Thomassen, Krigs- og feltpostforeningen, 2009

Johan Gotteberg hadde vore involvert i kommunal styre og stell også før krigen, men den tyske okkupasjonen hadde ført han heilt til topps i det lokalpolitiske livet. Den såkalla nyordninga som vart gjennomført i kommunane frå hausten 1940, innebar at ein heldt fast ved dei gamle institusjonane, men at sjølve demokratiet vart avvikla. Ordførarane skulle ikkje lenger vere avhengige av tillit frå veljarane og innbyggjarane. Det avgjerande var at dei hadde tillit frå Nasjonal Samling, det «statsberande» partiet, og førarane på høgre nivå. Frå nyttår 1941 vart ordførarane utnemnde av fylkesmannen, i samsvar med det såkalla førar- og ansvarsprinsippet, og dei var pålagde å slutte seg til Nasjonal Samling. I lokalpolitikken var det i teorien ordføraren som tok alle avgjerder, etter fyrst å ha rådført seg med eit kraftig krympa kommunestyre.

Det største kommunalpolitiske problemet for Nasjonal Samling var at tilslutnaden til partiet mange stader var liten, og at det i alle høve var langt mellom partimedlemer som kunne seiast å vere kvalifiserte til eit ordførarverv. Det gjaldt ikkje minst i Sogn og Fjordane, som var det svakaste fylket når det gjaldt NS-oppslutnad. Men Johan Gotteberg var blant dei som stilte seg til teneste for dei nye makthavarane, og hadde fungert som ordførar i Sør-Vågsøy i nesten eitt år då dei allierte soldatane banka hardt på døra.

I GARNET: Nordmenn som stilte seg til teneste for tyskarane vart innhenta av lova når britane gjorde strandhogg i Noreg. Den kjende avisteiknaren Ronald Giles i Daily Express teikna ein staut, alliert soldat som gjennom avanserte fangstmetodar – kombinasjonen av fleire våpengreiner – hadde skaffa seg ein solid fangst av lokale quislingar i Vågsøy. Den svenske kollegaen Ivar Starkenberg framstilte jakta på norske overløparar på ein liknande måte, men i teikninga si la han særleg vekt på den frykta dette skapte hjå norske quislingar. Den antinazistiske publikasjonen Trots Allt vart innhenta av den svenske sensuren då starkenberg etter Måløyraidet laga denne teikninga, supplert av følgjande åtvaring på rim: «Quisling, quisling lilla! Det kan gå dig illa. Så vistas ej för nära strand. Wir fahren gegen Engeland.» Foto: Faksimilar: Norsk Tidend, 3. og 31. januar 1942

Ordførar på tysk nåde

Gotteberg vart arrestert saman med ordføraren i Nord-Vågsøy, John Sefland, og minst to andre lokale nazistar. Dei fleste kjelder skriv at det totalt var fire NS-medlemer som vart arresterte under Måløyraidet. I dei fyrste nyhendemeldingane formidla gjennom Norsk Tidend og Nordisk Tidende heitte det at det var heile ni «quislingar» som vart ført med over til England. Det siste talet kan vere feil, men det er òg mogleg at nokre tal refererer til medlemer av NS, medan andre inkluderer norske arrestantar som var assosierte med tyskarane eller NS, utan å vere partimedlemer. Korleis dette enn stiller seg, er det i alle høve sikkert at to jenter som hadde hatt omgang med tyskarane også vart gripne og frakta over Nordsjøen. Norsk Tidend omtalte i eitt av oppslaga tre lokale «tyskarjenter» med fullt namn, og poengterte at to av desse no skulle få «anledning til å tenke over forholdet i et engelsk fengsel». Ei tredje, ei som visstnok skulla ha skaffa fleire nordmenn vanskar «på grunn av sin arrogante oppførsel», slapp tydelegvis unna.

Johan Gotteberg vart særskilt omtala i heile tre ulike nyhendeoppslag i Norsk Tidend i vekene etter raidet. Den fyrste som gav Gotteberg merksemd, var journalisten Asbjørn Barlaup, som gav den omfattande, personlege framstillinga av Måløy-raidet i eit stort oppslag den 7. januar (sjå eiga omtale). Av artikkelen går det fram at Barlaup sjølv var sentral i arrestasjonen. Gotteberg – «en skjelvende liten pjalt» – vart gripen allereie tidleg under raidet, skreiv Barlaup, som sjølv fekk ført NS-ordføraren til ein kjellar og sett vakt over han. Vakta var ein ung norsk soldat som var med på raidet som kjentmann, og som ikkje hadde militær trening, men som no sat på ein stol og heldt revolversiktet «nokså nøiaktig mot quislingens skjelvende bryst». Oppslaget var supplert av eit portrettfoto av Gotteberg, med ein bilettekst som var skriven i den same, uærbødige tonen: «Slik så han ut i fjeset, stor-quislingen i Måløy, «ordfører» og lagfører i NS, Johan Gotteberg, da han var tatt til fange». Barlaup skildra òg kort arrestasjonen av ordføraren i Nord-Vågsøy, John Sefland. Det heitte her at Sefland vart henta av ein einsleg norsk soldat som vart sendt i land etter han frå ein britisk destroyer.

Tre dagar seinare hadde Norsk Tidend eit nytt oppslag der Johan Gotteberg var omtala. Artikkelen var tydelegvis skriven på grunnlag av forhøyr eller intervju med måløyværingar som hadde følgd med over til Storbritannia frivillig. Biletet som vart teikna av den falne kommunetoppen var langt frå vakkert: Gotteberg vart framstilt som ein politisk dilettant, tilnærma stormannsgal og langt meir ambisiøs enn evnene hans tilsa; ein mann som hadde prøvd å kome til topps i lokalpolitikken, men utan å lukkast før tyskarane kom. Som ordførar på tysk nåde hadde han ikkje makta å skape nokon entusiasme for den nye tida. Det var ikkje mange NS-folk i Måløy. Ein «nazifest» som vart avvikla på Hagens hotell klarte berre å lokke 18 deltakarar. Eit formildande trekk fanst det ved Gotteberg: Han hadde ikkje vore den «verste typen nazist. Han har ikke angitt noen», fastslo Norsk Tidend.

Lokal diktator

Så, i Norsk Tidend for 7. februar 1942, var måløyværingen sjølve hovudpersonen – gjennom eit stort fyrstesideoppslag, illustrert med eit utsnitt frå grensebuarpasset (som alle nordmenn over 15 år var pålagt av tyskarane å bere med seg). Johan Gotteberg vart her gjort til representant for ein «nazimentalitet», i ein artikkel som støtta seg til avhøyr som var gjort med Gotteberg, og papir og dokumentasjon Gotteberg anten bar på seg eller som dei allierte styrkane hadde teke med seg frå kontoret hans før dei returnerte frå Måløy. Artikkelen var skriven i ei sterkt polemisk språkdrakt, med tydelege uttrykk for forakt for Nasjonal Samling og for dei som stilte seg til teneste for partiet.

Mange «stinkende og ubehagelige ting» kjem til overflata når ein granskar hjarta og nyrene til quislingar, slo Norsk Tidend innleiingsvis fast, men forræderi var ein sjukdom som måtte granskast om ein skulle kome den til livs. Felles for alle quislingar var at dei kjende seg miskjende, og at dei leid av ein eller annan større eller mindre karakterveikskap, argumenterte avisa vidare – og Johan Gotteberg, som no sat i norsk varetekt, var i så måte eit interessant tilfelle. Då han vart gripen oppførte han seg ynkeleg, og gav utan å nøle opp namnet på alle medskuldige der heime. Gotteberg hadde i avhøyr hevda at han hadde slutta seg til NS fordi propagandaen hadde fortalt han at Noreg var sjanselaust utan NS. Men avisa kjøpte ikkje denne forklaringa. Papir som vart henta med frå kontoret hans synte at Gotteberg og verksemdene hans var nær konkurs, hevda avisa, og la fram tal for å underbyggje at økonomien hans fekk ein markant oppsving då han gjekk inn i NS: «Han leverer svære hermetikkpartier, alltid til tyskerne. ... Det står ikke til å nekte at idealisten – som gikk inn i NS for fedrelandets skyld – reduseres ikke så lite i skyggen av slike tall». Norsk Tidend hevda vidare at Gotteberg, utan å lukkast, hadde gjort mykje for å skape seg ein maktposisjon før krigen. Sjansen til endeleg å herske kom no, etter at tyskarane tok over:

«Hans glede over endelig å ha fått makt over mennesker var overstrømmende, så overstrømmende at han mistet selvkontrollen totalt. Han oppholdt seg i Oslo da gledesbudskapet kom til ham. Han sender øyeblikkelig et telegram hjem til Måløy. Det avslører hele hans karakterbrist. Det lyder slik: «Utnevnt til ordfører med diktatorisk myndighet.»»

Avisa fortalde vidare, ikkje utan skadefryd, at Johan Gotteberg hadde gått på nederlag då han prøvde å utøve den lokalpolitiske makta. Han lukkast ikkje å verve mange nye tilhengjarar for NS i Måløy. Medlemsprotokollen for NS i Sør-Vågsøy hadde ikkje fleire namn enn ein kunne telje på to hender. Gotteberg var på gråten éin gong på overfarten frå Måløy, hevda avisa, og det var då han fortalde om alle venene han hadde mist – underforstått, etter at han stilte seg til disposisjon for okkupasjonsregimet. Notata han hadde med seg i lomma, inneheldt sitat som var til trøyst for den som kjende seg åleine. Blant desse var følgjande utdrag frå teksten «Syng mig hjæm!» av Bjørnstjerne Bjørnson: «Jeg vil dø i den tro at de alle var go´; at den kulde de gav smelter hen på min grav.»

Nordmenn som stilte seg til teneste for tyskarane vart innhenta av lova når britane gjorde strandhogg i Noreg. Den kjende avisteiknaren Ronald Giles i Daily Express teikna ein staut, alliert soldat som gjennom avanserte fangstmetodar – kombinasjonen av fleire våpengreiner – hadde skaffa seg ein solid fangst av lokale quislingar i Vågsøy. Den svenske kollegaen Ivar Starkenberg framstilte jakta på norske overløparar på ein liknande måte, men i teikninga si la han særleg vekt på den frykta dette skapte hjå norske quislingar. Den antinazistiske publikasjonen Trots Allt vart innhenta av den svenske sensuren då starkenberg etter Måløyraidet laga denne teikninga, supplert av følgjande åtvaring på rim: «Quisling, quisling lilla! Det kan gå dig illa. Så vistas ej för nära strand. Wir fahren gegen Engeland.» Foto: Faksimilar: Norsk Tidend, 3. og 31. januar 1942

Vart minna av sine eigne

Utan å ha lese dommen mot Gotteberg, har eg lite grunnlag for å vurdere kva som var realitetane, mellom anna når det gjeld dei økonomiske sidene aspekta av landssviket hans. Det som det hardhendte portrettet i alle høve vitnar om, er at også propagandakrigen var ein verkeleg krig. Johan Gotteberg fekk stort sett vere i fred for Norsk Tidend etter dette oppslaget, men han gjorde likevel nytte i den ufrivillige rolla som ein ynkeleg representant for Nasjonal Samling: I flygeblad med tekst og bilete frå Måløyraidet som vart smugla inn til Noreg, fekk lesarane ei påminning om at det var kriminelt – og risikabelt – å slutte seg til Nasjonal Samling. Flygebladet var illustrert av foto av Gotteberg, og av ei av «tyskarjentene» frå Måløy som vart ført om bord i fangenskap, med bind for augo.

Av sine eigne partifellar heime vart dei to arresterte ordførarane ikkje gløymde. Då det nazifiserte fylkestinget i Sogn og Fjordane møttest i juni 1942, vart dei to ordførarane minna i ei tale av NS-fylkesmann Vidar Atne: «Båe var dei idealistar som med varm hug gjekk inn for det dei meinte var best – ikkje for seg sjølv – men for landet. Borføringi av desse tvo gode nordmenn var sanneleg ingen krigsdåd som var naudsynt. Det var ein «skjendig» dåd. Vi saknar dei båe, og vonar det trass i alt må gå dei godt», heiter det i avisreferatet (Firda, 13. juni 1942).

Av oppslag i fleire aviser går det fram at både Johan Gotteberg og John Sefland vart førde heim til Noreg frå fangenskapet i Storbritannia hausten 1945. Sefland vart sett fri, medan Gotteberg sona ei stund til i eit fengsel i Florø. Fylkesleksikonet opplyser at Gotteberg, som levde fram til 1953, seinare dreiv den store hermetikkfabrikken han hadde kjøpt i Florø før krigen, saman med andre familiemedlemer, og at han òg bygde ein hermetikkfabrikk i Brønnøysund.