Endeleg heime, endeleg fekk tyskarane og nazistane svi! Det norske eksilmiljøet jubla over raidet mot Måløy, men på slett ikkje hemningslaust. I bakhovudet låg frykta for at aksjonen kunne gjere meir skade enn godt for norske interesser.

Då dei lovlege norske styresmaktene vart tvungne i eksil, vart informasjonsarbeidet ei høgt prioritert oppgåve. Det var avgjerande viktig å utvikle effektive kanalar for å artikulere norske interesser i form av informasjon og nyhende; heimover til eit okkupert land der innbyggjarane måtte leve under tysk sensur og einsretting, til nordmenn i eksil – og til det store verdssamfunnet, her under opinionen i landa Noreg hadde størst behov for å halde seg inne med, Storbritannia og USA. Utgangspunktet var ikkje det beste dei fyrste månadene etter den tyske invasjonen. Tyskarane syntest lukkast i alt dei gjorde, Nasjonal Samling fekk større sjølvtillit dag for dag, og det norske omdømet ute i verda var ganske rufsete. Mange sat med inntrykk av at nordmennene litt for lett hadde underkasta seg det tyske åket.

Regjeringa oppretta eit informasjonskontor i London, med statsminister Johan Nygaardsvold personleg som øvste sjef. Dette vart kraftsenteret i eit presse- og informasjonsarbeid som etterkvart skulle syne seg uhyre verdifullt. Dei norske nyhendesendingane over BBC, som nådde nordmenn ute og dei som lytta illegalt her heime, var i samtida og for ettertida det mest kjende produktet av det norske informasjonsarbeidet. For oss som er interesserte i å sjå innhaldet og vinklinga i den norske informasjons- og nyhendeformidlinga no i dag, er det mest føremålstenleg å gå til dei digitaliserte utgåvene av avisa Norsk Tidend, som kom ut i London frå august 1940 og fram til nokre dagar etter frigjeringa i 1945. Ei anna spanande og lett tilgjengeleg aviskjelde er Nordisk Tidende, som var den største avisa til norskamerikanarane, og kom ut i New York. Denne avisa var frittståande og heldt journalistisk sett eit overraskande høgt nivå, men stilte seg lojalt til teneste for norske styresmakter.

OPPRYDDING: Norske styresmakter i London kjende ikkje til raidet mot Måløy før i etterkant. Men regjeringsorganet Norsk Tidend avslørte ikkje at raidet kom bardust på dei, og framstilte landgangen i Måløy som ein siger. På nyttårsaftan vart dei offisielle kommunikea refererte på fyrstesida, medan den langt meir levande augnevitneskildringa til korrespondenten Ralph Walling fekk plass på sistesida. Foto: Faksimile: Norsk Tidend, 31. desember 1941
Norske styresmakter i London kjende ikkje til raidet mot Måløy før i etterkant. Men regjeringsorganet Norsk Tidend avslørte ikkje at raidet kom bardust på dei, og framstilte landgangen i Måløy som ein siger. På nyttårsaftan vart dei offisielle kommunikea refererte på fyrstesida, medan den langt meir levande augnevitneskildringa til korrespondenten Ralph Walling fekk plass på sistesida. Foto: Faksimile: Norsk Tidend, 31. desember 1941

Frykt for represaliar

Kva skreiv så den frie, norske pressa om Måløyraidet? Vel, det mest interessante er fyrst av alt å konstatere kva avisene ikkje skreiv. At avisene var «frie», er ikkje det same som at dei var usensurerte og at dei skreiv saker ut frå journalistiske standardar som normalt gjer seg gjeldande i fredstid. Det viktigaste uttrykket for dette, er at avisene unnlét å avsløre at raidet kom bardust også på dei lovlege norske styresmaktene, og at det dermed òg oppstod strid på alliert hald, mellom den norske eksilregjeringa og dei britiske vertane. Det er opplagt at tyskarane og NS ville ha vunne ein propagandasiger om denne usemja vart eksponert.

Difor sat avislesarane att med eit klårt inntrykk av at raidet var velsigna og applaudert frå norsk hald. Måløyraidet vart såleis framstilt som ein overveldande siger for det frie Noreg, men bismaken ved sigeren vart likevel synleggjort: Nordmenn der heime måtte bere tyngslene av dei allierte raida, i form av fysiske øydeleggingar og tyske represaliar. Represaliane og spekulasjonane knytt til moglege represaliar fekk mykje spalteplass i Norsk Tidend, mellom anna basert på oppslaga i dei tyskkontrollerte avisene i Noreg. På norsk regjeringshald frykta ein òg at raida ville ha uheldige psykologiske skadeverknader: Folk der heime vart lokka til å tru at invasjonen var i gang, og då vart vonbrotet dess større når det viste seg at dei allierte soldatane berre var på ein snarvisitt. Denne uroa vart i hovudsak undertrykt i avisspaltene, men kunne likevel gje seg til syne. I omtalen av raidet mot Lofoten, viste Norsk Tidend den 7. januar 1942 til at mange av dei sivile som vart henta med over til London var skuffa over at raidet ikkje innebar «den store befrielsen av hele Norge». I ein ålmenn stemningsrapport frå Noreg i Nordisk Tidende den 16. juli 1942 heitte det: «Efter det engelske Måløy-raid steg håpets barometer til topps. Mange trodde at nu var timen nær, men efter at månedene gikk og intet hendte, sank håpet igjen.»

I vekene etter raidet gav Norsk Tidende mykje spalteplass til det som hadde gått føre seg i Måløy. Fyrste utgåve etter juleferien kom på nyttårsaftan: «Vellykket britisk landgang foretatt lørdag i Nordfjord. Sør-Vågsøy og Måløy ryddet for tyskere og quislinger», heitte det triumferande i overskrifta på fyrstesida. Framstillinga var like fullt faktaorientert og nøktern, basert på eit kommuniké frå den britiske admiralstaben. Mot slutten av artikkelen refererte avisa også kommuniké som hadde gått ut frå den tyske overkommandoen om raida i Noreg, og avisa la då vekt på inkonsistensen i framstillinga: I den fyrste meldinga hevda tyskarane at britane vart drivne vekk i det dei gjekk i land; i den seinare meldinga heitte det at britane vart drivne tilbake etter å ha marsjert fleire kilometer.

Rapporten som gjekk verda rundt

Oppslaget på sistesida – «Gatekamp mellom brennende hus i Sør-Vågsøy. Commandos i aksjon i moderne krig» – var annleis. Dette var nemleg den levande skildringa til krigskorrespondenten Ralph Walling frå Reuters, som sjølv deltok på raidet, og det var nettopp denne detaljerte og personlege skildringa av kva Walling opplevde som gjekk verda rundt, og gjorde avislesarar i allierte og nøytrale land kjende med Måløy. Det seier seg sjølv at versjonen av raidert Walling formidla var markant annleis enn den norske avislesarar fekk presentert frå den tyskkontrollerte pressa: Helte- og skurkerollene var bytte om. Men der tysk sensur eintydig framstilte britiske soldatar som barbarar, gav Walling eit meir nyansert bilete av dei tyske soldatane.

På den eine sida gav han tyskarane og deira krigføring skulda for at øydeleggingane i Måløy vart så store som dei vart: «Det var beklagelig at det, på grunn av den tyske fremgangsmåten, skulle bli gjort skade på dette hyggelige, vesle stedet. Hvis den fiendtlige garnisonen hadde forsvart seg fra stillinger i det frie eller gjenkjennelige punkter, ville bare bygninger som på forhånd var utpekt for ødeleggelse, ha falt.» På den andre sida var Walling full av respekt av stridsevna til tyskarane: «Fienden kjempet til det siste; det var fysisk godt utrustede folk ... han viste i det hele at han var en dyktig fiende som mestret en av de uhyggeligste former av moderne krig – gatekampen.» Norsk Tidend gav også spalteplass til Ralph Walling ti dagar seinare. Han understreka då at kommandostyrkane ivra etter å gjere innsats på nye frontar. Sjølv om Commando-einingar hadde delteke i Midt-Austen og i Libya, var raidet mot Måløy den fyrste alvorlege og verkeleg kombinerte operasjonen i sitt slag frå dei britiske og allierte styrkane i vest, understreka Walling.

Norsk Tidende følgde opp dei fyrste rapportane frå raidet i utgåva av 3. januar 1942, med ei heilside full av bilete frå Måløy, og ei sisteside som for ein stor del var vigd til britiske aviskommentarar etter raidet mot Måløy. Hendingane på hi sida av Nordsjøen skapte optimisme og vart livleg kommentert i britisk presse, og dei fleste trekte den lærdomen at ein kunne oppnå mykje så lenge planlegginga var god, og dei ulike stridsstyrkane var samordna. «The perfect raid», slo The Times entusiastisk fast, medan Evening News trekte linene fram til det som måtte skje ein gong i framtida, då allierte styrkar skulle gå i land på det europeiske fastlandet: «Den dag skal komme og når den opprinner, vil Vågsøys navn huskes», lydde konklusjonen der, i norsk omsetjing. Daily Sketch vona at raidet ville setje skrekk i quislingar verda over, og gje dei søvnlause netter.

AUGEVITNESKILDRING: Måløyraidet var fyrstesidestoff i Norsk Tidend seks nummer på rad på nyåret 1942. I avis nummer to kunne lesarane få med seg den spanande augevitneskildringa til journalisten Asbjørn Barlaup, tre foto som synte flyktningar frå Måløy på overfarten og når dei gjekk i land i britisk hamn, og eit oppslag som handla om tyske reaksjonar etter raidet – og den saftige bota folket på Raudeberg var pålagd fordi ein tysk telefonkabel var sabotert. Foto: Faksimile: Norsk Tidend, 7. januar 1942

Den dansande ungjenta i Måløy

Også Norsk Tidend av 7. januar var dominert av Måløyraidet, denne gongen i form av ei utførleg augevitneskildring frå ein norsk deltakar i raidet. Vedkomande vart ikkje identifisert, men det handlar om journalisten Asbjørn Barlaup, trønder med tilknyting til den norske presse- og informasjonstenesta i London. Krigsreportasjen var skriven med stort patos, og med vekt på det norske bidraget til den allierte aksjonen: «De norske guttene var fordelt i mindre partier på alle de britiske avdelinger. Derfor var det nordmenn tilstede overalt hvor det blev kjempet. Samarbeidet mellom de to nasjonaliteter var glimrende og helt i pakt med den gode kameratskapsånd som hadde utviklet seg under samværet forut for angrepet», hevda han. Barlaup var fleire hakk skarpare i ordvalet enn Ralph Walling når han omtalte dei tyske soldatane: «Tyskerne betjente seg av kampmetoder som bare kan karakteriseres som bestialske. Hvis loyale nordmenns eiendom har lidd skade i Måløy, så skyldes det sandelig ikke de allierte stridskrefter, som gjorde alt hva gjøres kunne for å skåne norsk eiendom. Tyskerne utnyttet imidlertid skånselsløst fordelen av å kunne skyte fra private hus. De styrtet inn i husene, stilte seg bak gardinet og brente løs på alt hva de så.»

Det sterkaste inntrykket frå Måløyraidet var likevel, hevdar Barlaup, møtet han hadde med ei ung jente han møtte midt under den blodige kampen: Ho kom dansande imot han i spissen for ein flokk nordmenn som hadde bestemt seg for å flykte, og slengte seg rundt halsen hans og kyssa han på kinnet – før ho sprang vidare til båten som skulle føre henne vekk. «Det var neppe inntrykket av min personlige framtoning som utløste det spontane begeistringsutbruddet hos henne. Øynene mine randt etter løpet gjennom røykteppet som hadde beskyttet oss under landstigningen, jeg hadde en stygg stålhjelm på hodet, en pistol i hånden og en uhyre avskrekkende kniv ved siden. Men [hun] hadde sett det norske flagget på den høyre armen. Det var flagget hun hadde sett. Jeg skal aldri glemme denne velkomsten som det frie norske flagget fikk på norsk jord denne snøglitrende tredje juledags morgen.»

Barlaup fortel òg at han møtte ei eldgamal kone, som var så trøytt at ho ikkje makta å gå til vindauget for å sjå ut. Men då ho høyrde at Barlaup snakka norsk, smilte ho eit lukkeleg ungjentesmil, og ho spurde: Kjem de no? Ja, men berre på besøk denne gongen. Men vi skal kome igjen, sa Barlaup. «Ja, kom igjen, kom snart», var svaret frå kona.

Eit alliert propagandasiger

Kommentarane og nyhendeformidlinga knytt Måløyraidet i Norsk Tidend, inkludert vurderingar som vart vidareformidla frå offisielt, norsk hald, synest å ha falle godt inn i det ålmenne mønsteret i den allierte framstillinga og fortolkinga av raidet – med den skilnaden at det vart gjeve meir plass til omtale av dei arresterte medlemene av Nasjonal Samling, og av dei sivile som hadde følgd med dei allierte styrkane over til London (sjå eigne saker). Raidet var i seg sjølv av avgrensa militær verdi. Men det hadde stor psykologisk verknad, og bar bod om kva som ville skje når det demokratiske krigsapparatet var fullt utbygd, og kunne ta det store krafttaket mot den tyske terroren, hevda avisa. Norsk Tidend tok til motmæle mot dei tyske påstandane om at britiske soldatar hadde plyndra og skote såra soldatar, og avisa forsvara øydelegginga av sildoljefabrikken i Måløy: Fabrikken tente i realiteten nesten berre tyske føremål, og var difor eit legitimt krigsmål.

Den psykologiske eller propagandamessige verdien av Måløyraidet henta mykje av næringa si frå den oppsiktsvekkjande filmen frå raidet. «Norway raid filmed. A vivid record. Public Exhibition soon», lova The Times allereie nyttårsdag, og utdjupa såleis: «The story of the combined operation against the occupied Norwegian islands of Vaagsö and Maaloy has already been told, but words have fallen far short of the official film of the raid, which was shown for the first time at the War Office yesterday. Even in its raw, unedited form, it was intensely vivid and instructive, but the finished version that should reach the public next week will be well worthy of the exploit and the men who carried it out.»

Den ferdig redigerte filmen frå raidet gjev i dag eit pompøst inntrykk, gjennom overdriven patriotisk musikk og eksalterte kommentarar av den typen vi kjenner frå gamle, norske filmaviser. Men filmen gjorde tydelegvis lukke i samtida, og bidrog til å styrkje moralen og å gje positiv merksemd til Noregs sak. Spesielt populær var naturlegvis filmen blant nordmenn i eksil. I Nordisk Tidende av 19. februar 1942 kunne til dømes Socialkomiten for norske Sjøfolk i Amerika lokke med filmen frå «det siste norsk-britiske Commando-angrepet på Måløy og Vågsøy» når dei inviterte til samling i Sjømennenes Læseværelse i Brooklyn den føreståande tysdagen.

TRIUMF: To veker etter raidet var det den slagne fienden som fekk merksemda, gjennom fleire foto frå raidet. Eitt foto som synte ruinane av eit brakkanlegg og lika av to tyske offiserar rett sør for Sør-Vågsøy kyrkje, eitt foto som synte tyske soldatar som vart henta som krigsfangar frå Måløy, og eitt som synte manglande respekt for det tyske fotoforbodet i Måløy. Og allierte styrkar gjorde framleis livet surt for tyskarane på Norskekysten, denne gongen ved å øydeleggje fabrikkar og forsyningsskip i Florø. Foto: Faksimile: Norsk Tidend, 10. januar 1942

Linge i hovudrolla

Den tragiske bodskapet om at kaptein Martin Linge hadde falle under Måløy-raidet vart formidla til lesarane den 7. januar 1942, i form av ein kort notis, der avisa òg – basert på ei framstilling i The Daily Telegraph – skildra korleis Linge hadde mista livet. Ti dagar seinare trykte avisa ein kort, men kjensleladd nekrolog, ført i pennen av ein britisk offiser som hadde arbeidd saman med Linge sidan kampane i Noreg i april 1940. «Tapre, fryktløse venn, farvel!», heiter det til slutt i minneordet, underteikna med initialane W.B.D.M. Og på fyrstesida til Norsk Tidend av 31. januar 1942, i svart ramme, stod det kjende diktet Nordahl Grieg skreiv til ære for den falne: Martin Linge, mannen som ikkje hadde nådd lenger enn til birollene den gong han var skodespelar, men som etter at krigen braut laus hadde gått rett inn i hovudrolla i krigens store teater. Grieg mana fram landskapet som møtte dei allierte styrkane på veg inn Vågsfjorden, og følgde Martin Linge fram til siste stund:

Timen kom. Han kjente scenen:

stille hav og hvite fjell.

Det var Nasjonalteater –

bygget opp av Norge selv!

Mot de tyske rekker gikk han

i sin norske uniform

med en håndgranat i neven,

og tok publikum med storm!

Her fikk skuespiller Linge

lysende sitt gjennembrudd,

møtt av ingen bifall-salve,

men av mitraljøse-skudd.

Da han stupte, ramt i brystet,

hadde, blodig, han gitt alt

som en kunstner har på hjertet.

Det var slutt og teppet faldt.

Diktet til ære for Martin Linge har blitt ståande for ettertida som eitt av dei fremste i norsk krigslyrikk. Diktet gjorde då òg straks lukke. Nordisk Tidende kunne 26. mars 1942 fortelje at det vart framført av skodespelaren Aage Steenshorne under ein norsk festkveld i Brooklyn nokre dagar i førevegen. Den lyriske krigsrapporten frå Måløy hausta eit kraftig applaus frå dei 400 menneska i publikum.