– Tidlegare låg måsen tett i tett med reir på ein plass, men etter at vegvesenet var her for å få fjerna måsen, har fuglane fått seg frittståande einebustadar, seier ein oppgitt dagleg leier ved Bilbody, Inge Nyborg, og held fram:

– Vi har parkeringsplassen vår utanfor her, rett under brua, og måsen drit ned bilane, både kundane sine og våre eigne, og dei ser ikkje ut. For kundane er det sjølvsagt kjedeleg at vi vaskar bilane og set dei ut, men før dei får henta bilane er dei fulle av måseskit. I tillegg tærer dette på billakken, og det er slettes ikkje bra.

Vil ha betre løysing

Bilverkstaden ligg rett under Måløybrua, ved innkøyringa til Moldøen, og dei tilsette merkar godt at måsane har laga seg reir på røyra som går frå vegbana og ned under brua.

– Det dei gjorde var at dei sette opp nokre blekkplater utanpå røyra. Vi snakka med dei frå Vegvesenet og anbefalte dei å flytte røyra opp under brua, fordi vi såg at måsen ville legge seg opp på røyra som kjem frå vegbana og inn. Det hadde dei ikkje tru på at ville kome til å skje, men måsen var lur. Han sette seg opp på kanten og venta til Vegvesenet var ferdig, og så kom han tilbake og lagde seg reir, fortel Nyborg, som også er uroa for kva som vil skje med blekkplatene som Vegvesenet har sett opp.

Eigarane av Bilbody Inge Nyborg (t.v.) og Oddbjørn Utnes har sett seg lei på at måsen grisar til bilar og området deira. Verkstaden ligg ved innkøyringa til Moldøen, og parkeringsplassen deira ligg rett under Måløybrua, der fleire måsar har laga seg reir på dreneringsrøyra, som går frå vegbana og under brua. Eigarane etterlyser tiltak for å få bukt med problemet. begge

– Kjem det ein god storm, så håpar eg verkeleg ikkje at platene byrjar å fyke i vinden.

Nyborg er innforstått med at det alltid vil vere måsar i nærleiken av verkstaden, men meiner det må gå an å finne ei betre løysing.

– Måsen må vi leve med, men vi kan gjere tiltak for at vi ikkje skal få ein klatt i hovudet eller at bilane skal bli så tilgrisa, seier han, og legg til:

– Dette har vore eit problem heile tida, og eigentleg eit aukande problem. Men det har vore verst dei siste åra, forklarar Nyborg.

Skal sjå på nye tiltak

Statens vegvesen opplyser at dei fleire gonger har gjennomført tiltak for å få bukt med måsane ved Måløybrua.

Det nyaste tiltaket er beslag over røra, som skulle hindre måsen i å lage reir, men dette har vist seg ikkje å fungere. Ifølge Sekse vil det ikkje bli gjort nye tiltak no.

Inge Nyborg fortel at måsane er plagsame for både verksemda og for kundane. – I tillegg tærer dette på billakken, og det er slettes ikkje bra, legg han til.

– Vi skal byrje med utbetringar og vedlikehald på brua. Sjølve vedlikehaldet vil starte i 2018, men vi vil byrje å gjere litt arbeid i år. Dette arbeidet skal gå føre seg i tre år, til og med 2020. Då vil vi sjå på blant anna dreneringssystemet, og i samband med dette vil vi ta ned mykje av det vi har sett opp. Då vil vi sjå på andre tiltak, i den grad vi klarar å bli kvitt måsen. Fram til vi har gjort dette vil vi ikkje gjere noko meir med situasjonen, fortel Sekse, som forstår frustrasjonen til verksemda.

– Sjølvsagt blir ulempene større når dei lagar seg reir i område med busetnad og industri. Vi vil snakke med andre og finne ut kva dei har gjort, men at vi klarar å bli kvitt måsen for godt, det tvilar eg på, seier prosjektleiaren.