– Det vi kan tenke oss å få til er å få flytta krykkjene mot brupilarane slik at vi får skubba dei lenger sør i Måløy. I første omgang er vi i dialog med Vegvesenet om å få sette opp 50 reirhyller på brupilarane. Om desse blir etablert, ser vi føre oss at vi kan flytte fuglane vidare utover mot Moldøen. Då får vi dytta dei lenger vekk frå Måløy Seafood og dei som driv verksemder under brua i Måløy, seier Per Otto Hjertenes.

Han er fiskeribiolog og driv enkeltmannsføretaket Lutra A/S. Han samarbeider med Coast Seafood om fleire prosjekt.

– På Måløy Seafood handterer vi fisk og fiskeprodukt under open himmel og då er vi utsett for skit. Med fugl så er det alltid, grunna høg kroppstemperatur, problem med salmonella. Difor er vi ikkje så glade for at dei er i området, seier Hjertenes.

Fjordenes Tidende har tidlegare skrive om at eigarane av verksemda BilBody, som er lokalisert under Måløybrua ved innkøyringa til Moldøen, har sett seg lei på at fuglar grisar til bilar og området deira.

Vil halde på kolonien

Ifølge Hjertenes flytta krykkjene i Måløy inn i Ulvesundet for ti til femten år sidan.

– Når bestanden blir så liten som den er no, er den ettertrakta blant rovfugl. Då trekker krykkjene inn mot menneske for å søke tryggleik, spesielt i samband med hekking. Det første krykkjene greip fatt i var Domstein-bua, men no har dei blitt jaga vekk derfrå. Mitt estimat er at her fram til i fjor var 100 hekkande par i Måløy. Om vi ikkje gjer ein innsats kan bestanden bli redusert til 10–15 par. Dette er den einaste hekkekolonien som er att i fylket.

– Det handlar om å ta ansvar. Det enklaste for oss hadde vore å spikre att vindauga og snudd oss vekk, men det syns ikkje vi er rett. Dette er ein koloni som høyrer til her, seier administrerande direktør Sverre Søraa i Coast Seafood.

Fylkesmannen er positiv

Måløy-verksemda har kontakta Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og vegeigar Vegvesenet om prosjektet. Ifølge Hjertenes er Fylkesmannen svært positiv til initiativet.

– Men Vegvesenet ser ikkje poenget med dette. Vi har spelt tilbake til dei at dette må vere ei god miljøsak for dei. Vegvesenet har jo gode arbeidsforhold her til lands fordi vi er glad i nye vegar, men samstundes står dei jo for store miljøinngrep på mange av sine prosjekt. Her har Vegvesenet sjansen til å gjere noko på tilbodssida. No er det viktig at vi får dei til å omfamne prosjektet, slår Hjertenes fast.

– Vi har strekt ut ei hand og sagt at økonomisk skal vi vere ein pådrivar til å få dette gjennomført. Vi ser også for oss at vi kan bruke ASVO til å bygge hyllene, seier Søraa.

Initiativtakarane har som mål å få opp hyllene i løpet av januar 2018.

– Vi må ha ein dialog med dei andre verksemdene i området, og så får vi får sjå om vi får med oss Vegvesenet, men krykkjene kjem tilbake i slutten av februar eller byrjinga av mars, så då må hyllene vere komne opp om vi skal få starta prosjektet no, seier Hjertenes.