Sjølv om diagnosen og tankane framleis er der, har han mykje betre dagar no enn tidlegare.

Legebesøket og treninga blei starten på eit nytt kapittel for Hans Petter, eller HP, som alle kallar han. Han begynte nemleg i fjor å jobbe litt for Sjøbris Adventure som tar cruiseturistar med på fjelltur. Han blei ein av guidane der.

– Det var veldig kjekt! Gjennom vinteren tenkte eg med meg sjølv, kvifor kan eg ikkje finne på noko sjølv? Vi kjøpte derfor aksjar i Måløy Adventure, og eg starta mitt eige vesle firma som heiter «My happy place adventure».

– Firmanamnet speler litt på namnet hans. M for Myhre og happy place er jo HP, smiler kona Tanya.

HP legg ut bilde frå nokre av omvisingane i Jølet og på Hendaneset. Foto: Skjermdump frå Instagramprofilen til My happy place adventure

Gjennom firmaet sitt tilbyr HP eit avgrensa tal cruiseturistar omvising i jølet på Kvalheim og på Hendanes fyr.

– Konseptet er ein slags VIP-tur der turistar får omvising på plassar dei store bussane ikkje kjem seg fram til. Vi serverer turistane tørrsild og poteter, kjeks med brunost og fortel dei historier som då spriten fløymde og forskjellige røvarhistorier frå Kvalheim. Og dei er det mange av, smiler HP.

Hans Petter viser turistane også jølet på Kvalheim. Foto: Privat

På denne måten får turistane ein følelse av at det er meir privat. Dei får kome inn i og sjå innsida av eit naust, og av og til har han tatt dei med opp på tunet til foreldra sine på Kvalheim. På Hendanes fyr stiller HP med sjokolade og kaffi til turistane.

– Turane er lagt opp slik at turistane rekker å få det med seg i løpet av opphaldet. Og det litt spesielle er at du frå Jølet ser over til Hendaneset og vise versa, forklarer han.

Han er veldig glad for at han tok sjansen og starta firmaet sitt.

– Du får noko å gjere. Det er sosialt, og eg får snakke med mange forskjellige folk frå ulike verdshjørne. Det er så kjekt! Sidan eg trengde folk til å hjelpe meg i dette arbeidet, tok eg kontakt med folk som var litt i same situasjon som meg. Og det angrar eg ikkje på, smiler han.

– Hadde du kunne gjort dette om det ikkje hadde vore for legebesøket og at du begynte å trene?

– Nei, aldri. For eg var så langt nede og det var så mørkt. Det er framleis tunge dagar, men eg trenar, har starta eit firma og har hatt ein fantastisk kjekk sommar. Den har gått forbi sånn, seier HP og knipsar i lufta.

Konseptet er å gje turistane ein følelse av ein meir privat tur. Foto: Privat