Fjordenes Tidende vil i ein artikkelserie ha fokus på trening og helse og møte menneske som har fått endra kvardagen sin takka vere trening.

Etter at Hans Petter Myhre, som alle kjenner berre som HP, hadde studert og jobba på fiskebud, begynte han i jobb på ringnotbåt og deretter om bord i ein supplybåt.

– Eg var på sjøen i mange år av livet mitt, og samhaldet om bord i ein båt er noko heilt spesielt. Sjøfolk er veldig samansveisa og avhengige av kvarandre. Eg likte jobben min veldig godt, seier han.

Måtte krype til korset

Men etter kvart kjende han at det var noko som ikkje stemte i nakken. Han jobba i turnus med fire veker på sjøen og fire veker heime. Vekene heime brukte han til å kvile nakken slik at han kunne gå på igjen.

– Men det blei berre verre og verre. Til slutt måtte eg krype til korset og gå til lege. Det viste seg at eg hadde skiveutgliding i nakken og eg blei sjukmeldt. Eg gjekk til fysioterapeutar og kiropraktorar og gjorde alt eg kunne, men det blei ikkje betre.

Han prøvde å jobbe, men det fungerte ikkje. Han blei langtidssjukemeld i 2014. Året etter måtte han gjennom ein ganske omfattande nakkeoperasjon.

Mista sjømannsattesten

– Det begynte bra, men så fekk eg smerter i nakken igjen. Det viste seg at eg hadde fått ei ny skiveutgliding i nakken. Den pressa på nervane og var frykteleg vondt. Eg begynte å miste følelsen i armane.

– Då fekk eg ikkje ny sjømannsattest og eg fekk heller ikkje lov til å jobbe meir på sjøen. Attesten er ganske streng fordi det er mange som er avhengige av deg om bord og alle har sine roller. Eg blei sett i land.

Han gjekk over på arbeidsavklaringspengar og det blei ei ny runde og til slutt ny operasjon i 2017 der det blei sett inn kunstige pluggar i nakkevirvlane.

Operasjonen var ikkje vellykka, og HP oppsøkte NAV. Møta med NAV blei noko som tok motet frå han. Han følte det var ein runddans der ingenting skjedde. Det blei tyngre og tyngre å gå ned til NAV-kontoret, og av og til var han så sliten at kona Tanya måtte gå i staden for.

– Eg blei sittande og vente og det skjedde lite. Eg fekk ein jobb som innebar mykje tungt fysisk arbeid. Men det gjekk ikkje. Eg begynte å søke på jobbar sjølv. Eg prøvde meg først ein plass til, og så to til, men det fungerte ikkje.

Det blei mykje heimesitting då HP blei sjuk og det forverra situasjonen og tilstanden. Foto: Kjellrun Åsebø

Medan han heldt på med dette, stod han også i ein langvarig kamp for å få erstatning sidan tap av helseattest for sjøfolk fører til tap av jobb og inntekt.

Kona Tanya stod også på for ektemannen.

– HP rekna med det ville ordne seg fint og sende papira inn til forsikringa. Men han fekk avslag. Først hyra vi advokat, men kom ikkje gjennom. Det var veldig tidkrevjande og HP var sliten og ville gi opp. Men eg gav meg ikkje for han hadde jo rett på det. Heldigvis tok Sjømannsforbundet saka saman med fleire andre liknande saker og vann fram etter to år med hardt arbeid, forklarer Tanya.

Depresjonen kom snikande

HP hadde på det tidspunktet prøvd seg i jobb på fire ulike arbeidsplassar på land. Kvar plass det ikkje fungerte på grunn av nakke og helse var eit nytt nederlag.

– Det blei ein evig spiral nedover. Det var mange sjukmeldingar og eg var mykje heime åleine. Det blei veldig tungt, og til slutt orka eg ikkje meir. Det å gå ut døra, treffe på folk og måtte forklare kvifor eg ikkje jobba på sjøen og kva eg gjorde no, var endå tyngre.

Han hadde så lyst å jobbe, men var for sjuk.

– Av og til, viss han møtte nye folk, eller folk han mest sannsynleg ikkje kom til å møte igjen, sa han berre at han jobba på sjøen for han orka ikkje å forklare eller ta alle oppfølgingsspørsmåla han visste ville komme, forklarer kona.

HP blei sittande meir og meir inne – og åleine.

– Eg hadde ikkje fått diagnosen på dette tidspunktet, men det var ein depresjon som kom snikande. Nakkesmerta klarte eg å handtere og akseptere, men depresjonen som kom snikande etterpå – som tankar i hovudet – endra meg som person.

Han blei sint, lei seg, deprimert og bitter på livet. Tankar om kvifor det hadde blitt slik kverna rundt saman med mange andre tankar.

– Eg blei meir og meir inneslutta. Eg følte ingenting fungerte. Det var tungt og mørkt. Eg var veldig langt nede og hadde eigentleg gitt opp alt. Å gå ned til NAV var eit ork, og til slutt orka eg ikkje gå dit lenger. Det blei ei skikkeleg buklanding, seier han stille.

Takknemleg

Tanya var svært bekymra for mannen sin og prøvde å få han til å bestille time hos den nye fastlegen sin som nyleg hadde flytta til Måløy. HP ville ikkje, men gav til slutt etter.

– Hadde det ikkje vore for Tanya som spadde meg opp då det var på det mørkaste, og tok meg med til legen, trur eg ikkje at eg hadde sitte her og snakka med deg i dag. Depresjon er verkeleg ein frykteleg sjukdom, seier HP.

Han er takknemleg for at fastlegen, Kristina Willoughby, med ein gong forstod kor alvorleg situasjonen var.

– Ho såg eit vrak komme inn på kontoret. Ho såg kva som feila meg og allereie den dagen begynte det å snu. Ho forstod alvoret og blei ein buffer inn mot NAV. Berre det å føle at ein lege forstår, og er på mitt lag viss det gir meining, og ikkje berre sender meg vidare i systemet. Ho tok verkeleg tak og hjelpte meg.

Han fekk også samtaler med psykolog hos Nordfjord psykiatrisenter. Det hjelpte også.

Ein av teknikkane han lærte av psykologen var også å vere ærleg med folk.

– Å seie det som det er. Når folk spør kva eg gjer på, for eksempel, kjenner eg at det framleis er veldig travelt, men eg veit at dei meiner det godt. Teknikken er då å vere open og fortelje at sånn er det. Eg er ufør, og folk forstår det.

Han råder også folk til å ikkje stoppe å ta kontakt eller sende meldingar dersom dei har ein venn som har begynt å trekke seg vekk.

– Fy søren for ein stå på vilje-du har. Sjølv om du ikkje har lyst, så gjer du det likevel, seier kona Tanya til HP om nokre av dei tinga som han synest har vore vanskeleg å få gjennomført desse åra. Foto: Privat

– Har du fortalt vennane dine at du er einsam?

– Eg har sagt det til nokre vennar. Nokre forstår, medan andre kanskje synest det er vanskeleg å ta omsyn til.

HP og Tanya har også vore opne med barna om kva faren har vore gjennom og står i.

– Diagnosen er der enno, og dei tankane som følger med, men eg er blitt flinkare til å kjenne signala når dei kjem.

– Kva gjer du no for å halde deg oppe?

– Eg treng ikkje hjelp frå psykolog lenger, men dei lærte meg å finne teknikkar å bruke og legge opp rutinar for kvardagen. Då blei det eit system rundt situasjonen. Og dersom eg treng hjelp, kan eg ringe.

Å komme seg ut og vere ute er viktig for HP. Foto: Kjellrun Åsebø

– På veg til ein mørk plass

Av natur er HP eigentleg kjempesosial og utåtvend. Han er ein smilande mann som får folk til å le med gode historier og morosame kommentarar på sosiale medium, og han er leiar av den lokale supporterklubben til Liverpool.

– Men det blei vanskelegare og vanskelegare å halde humøret oppe. Eg var jo eigentleg ikkje bevisst på at eg var på veg til ein mørk plass. Hjernen er ein finurleg ting. Eg sov ikkje om natta. Eg låg og tenkte og tenkte. Det var heilt forferdeleg.

Mista mykje

For HP var det tapet han opplevde i kvardagen som var det aller tyngste.

– Det verste er at ein mistar dei sosiale kontaktane ein har. Eg mista jobben eg var glad i, kollegaene mine og det tette samhaldet på sjøen. Men eg mista også fotballen. Det har vore frykteleg tungt.

HP er veldig glad i Liverpool, og har vore med å arrangere kampkveldar i Turnhallen. Dette er frå i fjor. Foto: Kjellrun Åsebø

HP har alltid spelt fotball og hobbyfotball. Plutseleg var ikkje det mogleg heller.

– Eg var ikkje flink til å ta kontakt med folk då. Det var vanskeleg og ein blir også kanskje litt gløymt sidan ein ramlar ut frå dei sosiale sidene ved jobb og fotballtrening. Personar som du har sett på som gode vennar heile livet er plutseleg vekke, og det er så vanskeleg å seie til nokon at ein saknar dei. For folk er opptatt med sine liv og tida går.

HP ser ned.

For Tanya er det vanskeleg å halde tårene tilbake når mannen snakkar om dette.

Kontakta personleg trenar

Men Tanya fekk ein idé.

– Det var då ho begynte å overtale meg til å prøve ut ein personleg trenar. Men som mann ville eg ikkje det. Men ho sette meg i kontakt med Pia Gjørsvik Kvernevik og til slutt sa eg ja. Opplegget var å trene på treningssenter og vi møtte kvarandre på Sprek365 i Deknepollen. Då hadde eg aldri vore på eit treningsstudio før, smiler han.

Han fekk eit skikkeleg treningsopplegg der han skulle begynne i det små og gradvis auke på. Han trente tre gongar i veka i rundt 1,5 år saman med Gjørsvik Kvernevik.

– Eg skulle ikkje løfte så tungt til å begynne med, men berre trene og få godfølelsen. Vi passa også på at det ikkje skulle belaste nakken. Treninga hjelpte veldig på psyken min. Eg gjekk jo ikkje akkurat inn for å bli kroppsbyggar eller for å bli tynn, men for hovudet og helsa mi si skyld, seier han.

Å komme seg ut av huset gjorde godt.

– Ikkje minst følte eg at eg hadde gjort noko fornuftig dei dagane eg var på trening. Det var også fokus på kosthald og eg fekk skikkelege rutinar på det, både med type mat og tidspunkt for kor tid eg åt.

Då han var mykje heime åleine blei det ofte chips og sjokolade.

– Det koste eg meg med, og det var oppturane. Men eg trengde heldigvis ikkje å kutte ut sånne ting heilt, berre vere meir fornuftig i vala mine. Det gav meg også meir energi.

Rommet i kjellaren avslører fotballinteressa. HP ser fram til helgene der det er Liverpool-kampar. – Det er det viktigaste sosiale eg har. Og eg gler meg alltid til å gå ned på Jibben og sjå kamp med kompisar. Det er med på å halde meg oppe, smiler han. Foto: Kjellrun Åsebø

– Det er steintungt

No trenar han sjølv to til tre gongar i veka på treningssenteret, og han liker å gå turar. Ikkje berre fjellturar, men også kortare turar.

– Eg har det mykje betre no og må klappe meg sjølv litt på skuldra også, ler han, og legg til:

– Du veit den følelsen du får etter trening, den skulle ein hatt heile tida.

Han kjenner framleis på tunge tankar og frykta for å hamne i spiralen igjen ligg der.

– Kristina og Tanya grov meg opp frå det mørke holet eg var i, men treninga har også utan tvil vore med på å få meg ut av den vonde og vanskelege spiralen. Og den er ikkje lett å bryte. Det er steintungt, for å seie det rett ut.

– Eg har det mykje betre no, men på slike dagar som dette kan det framleis vere tungt.

Han ser ut av vindauget frå huset i Gate 6 der regnet hamrar på glaset og skodda skjuler Måløybrua.

På regntunge dagar kan det vere tøft for HP. Foto: Kjellrun Åsebø