Fjordenes Tidende vil i ein artikkelserie ha fokus på trening og helse og møte menneske som har fått endra kvardagen sin takka vere trening.

Kristin begynte å trene ved treningssenteret Sprek365 i Deknepollen vinteren 2018. Ho var utslått både fysisk og psykisk og sjukmeldt frå ordførarjobben i ein kort periode.

Ho alltid har likt å trene ute, gå på ski, jogge eller sykle, men no prøver ho å gjere noko aktivt kvar dag og trenar også derfor to til tre gongar i veka på senteret.

Kristin har alltid likt å gå på ski. Foto: Privat

– Eg var medlem ved senteret då eg fekk diagnosen fibromyalgi også. Men det var ein periode der eg trente sjeldnare, då alt var vondt og eg lurte på kor mykje og hardt eg kunne trene, og om det gjorde ting verre. Treninga her har hjelpt meg å få litt meir system på treninga.

Trygt å trene

Med diagnosen kom også tryggleiken på at det ikkje var skadeleg å trene – for ingenting var øydelagt, verken i olbogane eller hoftene. Trening blei dermed endå viktigare for Kristin, og viktig på ein annan måte.

For det å trene er no det som gjer at ho er i stand til å jobbe i halv stilling.

– Eg er 100 prosent sikker på at det skuldast treninga. Viss eg har ei veke der eg slurvar med trening, eller ikkje orkar å trene, merkar eg det med ein gong. Det er spesielt ryggen som seier ifrå.

Ho har likevel måtte tenke litt nytt med tanke på trening.

– Eg har periodar der enkelte ledd er veldig ømme, for eksempel olbogane. Då trener eg på ellipsemaskin utan å bruke armane. Eg har også merka at det hjelper å bygge opp muskulaturen rundt dei ledda som verkar.

Å gå tur og på fjellet har vore ein del av Kristin sitt liv. No er det også blitt ein del av medisinen hennar. Foto: Privat

– Blir verre utan trening

Det finst ingen medisin eller kur mot fibromyalgi. Kristin har fått resept på nokre tablettar for revmatikarar som tar vekk verketoppane.

– Eg veit at viss eg lar vere å trene, blir det verre. Så for min del betra sjukdommen seg med trening. Fibromyalgi kjennest litt ut som du har gangsperre heile tida. Så det kan vere vanskeleg å skilje på om det gjer litt ekstra vondt fordi ein sprang ein time på tredemølla dagen før eller fordi det er ein sånn dag der musklane gjer ekstra vondt.

Å trene inne har også gitt Kristin meir system på treninga si. Foto: Kjellrun Åsebø

Alle opplever sjukdommen fibromyalgi ulikt.

– Nokre har så store smerter at dei ikkje klarer å trene. Og då kjem ein inn ein vond sirkel som gjer at det er vanskeleg å kunne starte igjen. Eg har vore heldig som hadde treningsvanane frå før. Eg må berre intensivere dei. Og på dårlege dagar er det betre å trene roleg ein time enn ikkje å trene i det heile tatt.

– 50 prosent er nok

– Etter at eg var ferdig som ordførar, begynte eg i ei kommunalsjefstilling, men eg blei sjukmeld nesten med ein gong. Eg innsåg også at det å vere kommunalsjef i 40–50 prosent stilling ikkje gjekk. Då blei stillinga gjort om til ei rådgjevarstilling.

Ho har likevel mange av dei same oppgåvene.

– Men eg bruker ikkje tid på å sitte i leiarmøte og skrive rekneskapsrapportar. Eg konsentrerer meg om saksbehandling og oppfølging.

No er Kristin på arbeidsavklaring på tredje året.

– Det vil seie at ein i løpet av det kommande året må avklare om eg kan gå opp i jobbprosent eller om eg blir gradert ufør. 50 prosent stilling går akkurat rundt slik det er no. I haust skal eg jobbe litt meir, og då er det spesielt viktig å få lagt inn nokre lommer med trening slik at eg ikkje blir dårlegare.

– Stakemaskina er heller ikkje dum. Men den er litt kjedeleg så eg klarer ikkje å halde på så lenge, seier ho. Foto: Kjellrun Åsebø

Kroppen reagerer

Med fibromyalgidiagnosen følger utfordringar med stress, ein blir sensitiv for det. Det har vore vanskeleg for Kristin å ta omsyn til.

– Eg blir irritert når eg merkar at kroppen reagerer på uventa ting. Ting som eg har vore vand med å klare å handtere og ordne opp i i raskt tempo.

Når ho kjenner teikn til stress, må ho passe på at kalenderen har plass til litt trening. Og då er det frisk luft som gjelder.

Ho er glad for at det er mange tilbod lokalt som gjer at ein kan halde seg i bevegelse. I tillegg reiser ho ein gong i veka til Nordfjordeid for å svømme og ein gong i månaden til Ulsteinvik.

– Eg har det siste året klart å unngå periodar der eg har vore heilt utslått. Eg er nok meir påpasseleg med å legge meg i god tid, og å legge igjen mobilen på kjøkkenet for å få så god søvn som mogleg. Eg går også til psykomotorisk fysioterapeut i Ulsteinvik og har lært meg avslappingsteknikkar.

Har bestemt seg for å slutte å føle skam

Tidleg i forløpet følte Kristin på litt skam over å vere sjuk, men til slutt måtte ho berre bestemme seg for ikkje å bry seg om det.

Ho er også glad for at ho er open om den usynlege sjukdommen sin på jobb.

– Eg var sjukmeldt i eitt år, og for mange kan det høyrest mykje ut. Men for meg var det nødvendig for å bli kjend med diagnosen og bli kjent med kva kroppen treng. Eg følte at eg burde ligge og kvile på sofaen sidan eg var sjukmeldt, men det blei eg verre av.

Ho hugsar at ho syntest det var vanskeleg å bruke formiddagen til å gå tur og så trene styrke etterpå.

– Fordi eg tenkte på kva folk ville tru. Men eg håper at folk forstår at eg bruker min medisin, det å trene og vere ute. Samfunnsøkonomisk er det jo også nyttig at eg gjer det, smiler ho.

– Eg trivst godt med å trene åleine på Sprek365. Det er sosialt å vere der likevel, for ein slår gjerne av ein prat med dei andre som trenar der, smiler ho. Foto: Kjellrun Åsebø