– Vi er i rute og vi gler oss veldig til å begynne. Det blir ekstra spennande i år med fleire elevar, og eg trur at det skal gå seg til med Skramsmarka. Eg trur det blir eit veldig flott supplement, seier rektor Jens Frode Vågen ved Skram skole.

Måndag startar 247 elevar ved skulen. 40 av desse er frå gamle Holvik skule. Men elevauka blir ikkje noko utfordring no som ein har nytt areal i den gamle barnehagen.

Lærarar og tilsette var då i full sving med måling, oppfriskingav uteområdet og klargjering av klasseromma til skulestart.

Betre areal for SFO

Vågen trur det kjem til å bli konkurranse blant lærarane om å få bruke det nye nyoppussa arealet i Skramsmarka.

– Småskulen kjem til å bruke Skramsmarka veldig mykje. Første, andre og tredjeklasse kjem til å ha faste dagar her oppe. Storskulen kjem også til å nytte Skramsmarka, seier han.

Skramsmarka vil også bli nytta som lokale for SFO.

– Så SFO får no eit mykje betre og eigna areal enn dei hadde, seier Vågen.

Dei nye lokala i Skramsmarka er også utstyrt fullgode klasserom, og fleire grupperom, i tillegg til utearealet.

– Dei mindre romma fungerer godt til temaarbeid. Og så er det lyst og fint her, med store vindauge med utsikt, så det kan jo inspirere til kunst og handverk, seier Vågen.

I tillegg til planar om ei eiga naturfagavdeling ved Skramsmarka, har ein også fått plass til eit eige bibliotek, med bøker frå Holvik skule.

– Så då har vi to bibliotek på skulen. Det er veldig fint for både skulen og for SFO, seier Vågen, som også fortel at det er naudsynt å avlaste uteområdet ved skulen.

– Og her er det jo eit kjempefint uteareal her med mange moglegheiter, seier Vågen.

Han fortel at det meste frå Holvik skule blei flytta over til Måløy allereie ved skuleslutt.

– Vi tok imot mange av tinga og fekk dei på plass før vi tok ferie, seier rektoren som også rosar eigedomsavdelinga i Vågsøy kommune for god innsats.

Tek i bruk loftet

Loftet på Skram skole, som for det meste har vore nytta som bibliotek, får også ein oppussing i desse dagar.

– Vi har ikkje kunne nytta så mykje av dette arealet før, men no blir det grupperom og areal for avlastning med enkeltelevar, seier Vågen.

Ved skulestart måndag vil dei invitere foreldre til ein rundtur på den nye skulen.

– Mange er sikkert spente på korleis det har blitt, så derfor inviterer vi inn foreldre som følgjer barna til første skuledag, til ei omvising på Skramsmarka, seier Vågen.

– Vi synest dette har blitt veldig bra, og det har vi også lyst til at foreldra skal få sjå!