Klokka 16 opplyser Vest politidistrikt at dei i løpet av dei siste timane har fått ei rekke telefonar der folk er oppringt av personar som gir seg ut for å vere frå politiet.

– Dei spør etter personleg informasjon og bankopplysningar. Ein skal aldri opplyse noko om dette på telefon, understrekar operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet spør ikkje etter slikt på telefon, så ein skal med andre ord avslutte samtala og berre legge på.