– Vi er her for å saldere budsjettet og vi må ut av kommunen for å få arbeidsro, sa kommunedirektør Åslaug Krogsæter i Stad kommune då Fjordenes Tidende intervjua henne om opphaldet.

Med på turen var kommunedirektør Åslaug Krogsæter, assisterande kommunedirektør Kristine Dahl, kommunalsjef for oppvekst og opplæring Harald Sivertsen, kommunalsjef for helse og omsorg Barbro Longva og kommunalsjef kultur og samfunn Astrid Fossheim Paulsen og stabsleiar økonomi Ole Starheim, stabsleiar strategi og samordning Kristin Otneim Aarsnes og stabsleiar personal og kommunikasjon Ingunn Rotihaug.

39.900 kroner

Fjordenes Tidende har har vi fått innsyn i kva opphaldet på hotellet kosta.

Dei åtte frå Stad kommune som var med på turen overnatta frå 24. oktober til 25. oktober. Kvart rom kosta 2.490 kroner, noko som gir ein samla kostnad på 19.920 kroner.

Dei leigde møterom, og dette kosta 2.500 kroner. Dei hadde også møtepakke som kosta 170 kroner per person, samla 1.360 kroner.

Lunsj for åtte personar kosta 3.800 kroner.

Dei åtte frå Stad kommune åt trerettar til middag. Samla kosta dette 7.160 kroner.

Både møtepakke og lunsj hadde dei også på dag to av opphaldet.

Samla utgjorde heile opphaldet på Hotel Union Øye 39.900 kroner.

– Heilt vanleg

Fjordenes Tidende har tidlegare skrive om at Stad kommune manglar 76 millionar kroner på eit budsjett i balanse, og stilte difor spørsmålet om kommunedirektøren var uroa for signalet dei sende då leiinga reiste på hotellovernatting for å finne innsparingar.

– Det handlar ikkje om vi er ei natt på hotell i året eller ikkje. Vi må ha vilkår for å gjere dette arbeidet. Reiser vi ikkje vekk, så blir vi kontinuerleg forstyrra. Ei kvar leiargruppe, også i kommunane rundt om, gjer dette, svarte Krogsæter.

Kostnadane knytt til opphaldet blir tatt frå sentraladministrasjonen sine midlar.