– Vi har ikkje lyst at millionar som er sett av til skulen skal stå på vent
Med «Sats på Skram» på brystet kom FAU ved Skram og Holvik saman om å krevje satsing på byskulen som til hausten får 40 fleire elevar.
Bymøte: Kjellrun Breidalen Åsebø (t.v.) og Helene Larsen Silden frå FAU ved Skram skole og fleire foreldre gjekk med t-skjorter som tydeleg viste kva dei forventar av Kinn kommune, som arrangerte bymøte om samfunnsplanen til den nye kommunen tysdag kveld i Turnhallen i Måløy.
Foto: Janne Weltzien Listhaug