I skrivande stund er det 150 dagar til innbyggjarane i Kinn kommune skal seie sitt ved valurnene om kven dei meiner bør styre lokal- og fylkespolitikken dei neste fire åra.

– Det meiner vi er eit passeleg tidspunkt for å sparke i gang det felles valsamarbeidet mellom avisene i nord og sør i Kinn, seier Fjordenes Tidende-redaktør Håvar Fagerli.

Viktige tal for avisene

InFact starta opp valundersøkinga onsdag kveld denne veka, og skal halde fram torsdag kveld. No oppmodar Fagerli sin redaktørkollega Svend Arne Vee innbyggjarane om å ta telefonen og seie si meining når InFact sitt automatiserte intervjusystem ringer.

– Det tek ikkje mange minuttane, og det er viktig for oss at innbyggjarane engasjerer seg. Berre på den måten kan vi få lodda stemninga blant veljarane, få truverdige tal og gi lesarane våre god journalistikk tilbake, seier Vee.

Utover forsommaren vil dei to Kinn-avisene ha ulike fellesprosjekt retta inn mot valet i september. Fagerli vil ikkje gå i detalj på kva avislesarane kan vente seg, men målet ligg fast, slik det gjorde då avisene samarbeidde rundt folkerøystinga om Kinn i fjor:

– Vi vil utnytte ressursane våre i lag, slik at lesarar og veljarar får eit best mogleg utgangspunkt til å gjere seg opp ei meining om kva dei skal røyste den 11. september, seier han.

Nye namn, nye parti

Vee legg til at årets val har nokre spenningsmoment ved seg som kan gjere valdekninga interessant:

– Vi har tre nye parti som stiller lister i Kinn i år. Vi har kanskje fleire reelle ordførarkandidatar enn på lenge. Og vi har også fått valårets første store overrasking med at Vågsøy-lista ikkje blei noko av. Det kan bli interessante månader framover, seier han.

Om alt går etter planen med meiningsmålinga, vil resultata av årets første partibarometer bli presentert i Firdaposten og Fjordenes Tidende i løpet av neste veke.