– Kommunane og dei andre beredskapsaktørane er urolege for at folk på eiga hand skal ta til å rydde opp etter skred og flaum, mens situasjonen enno er ustabil, skriv fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i ei pressemelding søndag.

Saman med NVE og Meteorologisk institutt, har Statsforvaltaren både i går kveld og i dag hatt statusmøte med alle kommunane i Vestland, naudetatane og andre beredskapsaktørar.

– Nedbørsintensiteten var noko lågare i natt, men det er venta at det utover dagen igjen vil kome svært mykje nedbør. Varsla om nedbør og skred- og flaumfare gjeld difor vidare, seier Stensvand.

Kombinasjonen av store mengder regn og snøsmelting har gitt problem mange stadar. Folk er evakuert frå husa sine i eit par område i Ullensvang, og Sogndal kommune har i dag sendt ut førehandsvarsel om evakuering til innbyggjarane i Balestrand. Det er og ei rekkje vegar som er stengde på grunn av skred, flaum, overvatn og fare for skred.

– Gravemaskina som i går vart tatt av eit skred på Måge i Ullensvang, illustrerer kor farleg det kan vere å starte arbeid for tidleg. NVE og Statsforvaltaren vil difor oppmode på det sterkaste om at folk ventar med å gjere oppryddingsarbeid før skred- og flaumfaren er vorten lågare, seier Stensvand.

Han syner til at det er viktig at folk som er stengt inne eller på andre måtar er hindra av skred og flaum, melder frå til kommunen eller politiet viss situasjonen er vanskeleg. Ved fare for liv og helse må naudnummera 110, 112 og 113 nyttast.