Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, meiner ein må kunne nytte namnet Nordfjord utan å be om førehandsgodkjenning, slik det har blitt gjort i andre tilfelle.

Måndag vart det klart at Gloppen og Eid ønskjer å slå seg saman til ein kommune under namnet Nordfjord.

Dette har skapt reaksjonar frå nordfjordingar som meiner namnet høyrer regionen til.

– Eg syns det er ein viktig og drei diskusjon som er sparka i gong. Det var nesten litt av formålet å sette i gang ein diskusjon om Nordfjord som merkevare.

Vil skape blest

Bjørlo understrekar at liknande diskusjonar går føre seg i fleire delar av landet, og at dette ikkje er ein unik situasjon.

Bjørlo understrekar også at dette er ein invitasjon til dei andre kommunane i regionen om eit samarbeid, men dersom fleire vil melde seg på i kommunesamanslåinga mellom Gloppen og Eid står ikkje døra på vidt gap.

– Vi kjem ikkje til å seie kategorisk nei, men no ligge her i avtale i botnen og den må då eventuelt andre kommunar ta inn over seg, seier ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad.

Godtok Sandane, men ikkje Måløy

I intensjonsavtala som vart lagt fram måndag kom det fram at Sandane vil bli kommunesenter i Nordfjord kommune.

– Det var ikkje berre diskusjonane om kommunesenter isolert sett som gjorde at vi brøyt forhandlingane med kystkommunane. Eid var villege til å diskutere plasseringa av eit kommunesenter, men vi ønskte ei heilskapleg avtale, som inkluderte visjonar og mål knytt til blant anna samfunn, samferdsle og næring. Men dette fikk vi ikkje til, fortel Bjørlo.