Rådmann Reidar Sandviknes i Selje håper at eit dialogmøte skal få Klosterbåten i rute. – Vi satsar på det, seier Geir Johnny Rye.

Sist veke hadde Vestkapp Båtservice og Selje kommune eit møte om kva som skjer med Klosterbåten i årets turistsesong.

Med på møtet frå Vestkapp Båtservice si side var skipperane Adrian Mortensen og Jan Hammersvik og reiar Geir Johnny Rye. Reiar Jarl Lillesalt var med på Skype frå Spania.

Rådmann Reidar Sandviknes var ein av dei som møtte frå Selje kommune si side.

– Slik eg oppfattar det var det eit godt møte. Vi informerte dei om den pakken vi kan få til, seier rådmann Reidar Sandviknes.

Sandviknes fortel at dei diskuterte forskjellige praktiske løysingar og korleis ein best kan få gjennomført årets sesong.

Mellom anna problemet med guiding på Selja.

– Dei fekk med seg opplegget og dei ville sjå på det før endeleg avgjerd vert teken. Men slik eg har forstått det er det intensjonen at Klosterbåten vert i rute denne sesongen, seier rådmann Reidar Sandviknes.

Geir Johnny Rye fortel at det kom fram lite som var nytt i møte med kommunen, men at planen deira no er at klosterbåten går vanlege ruter også i år.

– Det er viktig å vere positiv og prøve å skape noko. Vi får håpe anløp av cruisebåtar i Selje også vil auke trafikken vår til klosteret seier Rye.

Rye tek eit lite atterhald og det er om dei som er skipparar på båten vil ta på seg ekstraarbeidet som guiding og billettering vil føre til.

– Seier dei ja til dette er vi trygge på at Klosterbåten vil gå som vanleg i år, avsluttar Geir Johnny Rye i Vestkapp Båtservice.

Les papirutgaven måndag 25. mars.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.