Natt til onsdag var det fleire tjuveri av båtmotorar på Reed i Gloppen. Politisjefen i Nordfjord, Rognald Dvergsdal, vil åtvare båteigarar om at desse tjuvane også kan gjere fleire raid i Nordfjord.

– Tidlegare har vi sett at dette også skjer i ytre Nordfjord når det skjer i Gloppen. Vi har ingen melding om dette no, men oppmodar folk å sjå etter båten sin, seier Dvergsdal til Fjordenes Tidende.

Politiet meiner at tjuveria står fram profesjonelt.

– Vi har sett tidlegare at motorar vert stolne ulike stader fleire dagar etter kvarandre. Tjuvane sleper gjerne båtar til ein meir diskret plass, og tek av motoren der.

Fjordenes Tidende har skrive om fleire tilfelle av tjuveri av båtmotorar i området siste året.

– Det er ukjent kven som står bak. No samlar vi opplysningar, og etterforskar for å sjå etter mønster.

Dvergsdal ber publikum om å sjå etter båten sin og vere ekstra observant på ukjende bilar ved småbåthamner, naust og andre båtplassar. Han seier at det ved tidlegare tilfelle har blitt brukt ein varebil.

– Kva skal ein gjere om ein opplever noko mistenkeleg?

– Varsle politiet om ein har mistanke. Spør og ver nysgjerrig om ein treff på ukjente. Ta bilete om det er mogleg, seier politiinspektør Rognald Dvergsdal.