– Kommunestyret har tatt ei trist avgjerd og vi er sterkt prega av den alle saman, store og små. Folk er rysta og oppgitt. Barna er lei seg og må trøystast. Det er vanskeleg å forklare til ungane kvifor dei ikkje får gå på skulen sin meir, seier Olga Nerland i FAU ved Holvik skule.

– Forhasta avgjerd

I vedtaket frå kommunestyret i Vågsøy heiter det at Bryggja og Holvik skular leggast ned frå hausten 2018. Planen er at elevane frå Holvik skal byrje på Skram skole, og elevane frå Bryggja på Skavøypoll skule.

– Vi synest avgjerda er forhasta og baserer seg på eit usikkert grunnlag. Sunn fornuft seier at ein burde avklart grensejustering på Bryggja og laga ein konkret plan for oppgradering av Skram først. Når det er på plass, kan ein ta ei langsiktig avgjerd om skolestruktur.

Olga Nerland (t.v.) og Monicha Heggelund (sittande) i FAU ved Holvik skule i prat med Geir Oldeide (Rødt) under debatten i Vågsøy kommunestyre torsdag.

Det var Venstre, Høgre og Arbeidarpartiet som utgjorde fleirtalet som gjekk inn for nedlegginga av to barneskular. FAU ved Holvik seier dei har forståing for at økonomien tvingar fram eit slikt vedtak.

– Men vi synest at når ein går til det steget å legge ned to skular, så skal det gjerast på den mest forsvarlege og skånsame måten. Vi stiller oss kritiske til den korte fristen som er sett for å gjennomføre nedlegging. Det er mange forhold som ikkje er ferdig planlagt og greia ut. Dette er påpeikt i høyringsrundar og innspel utan at vi har fått konkrete svar, skriv FAU i ei utsegn til Fjordenes Tidende.

Dei stiller spørsmål ved kven som har ansvar for ei forsvarleg gjennomføring av nedlegging av Holvik og Bryggja skular.

Meiner Skram må stå klar

Foreldra ved Holvik skule stiller også spørsmål ved kapasiteten på Skram skole. Dei peikar på mangelen på grupperom, meir behov for arbeidsplass for lærarar og storleiken på ute-arealet. Noko av plassmangelen skal ifølge administrasjonen løysast ved å bruke Skramsmarka barnehage som SFO.

– Det er ingen tvil om at det som er best for barna med dette alternativet er at Skram skole står ferdig pussa opp før nye barn blir flytta inn. Det er alle foreldre og lærarar samstemte om. Vi forventar å bli høyrt no, skriv FAU I Holvik.

Vil bli inkludert

Ifølge berekningar frå administrasjonen vil kommunen spare i overkant av 7 millionar årleg som følge av nedlegging av Bryggja og Holvik skular.

FAU meiner at om ein kan utsette nedlegging til hausten 2019, slik at lokala er betre tilpassa, vil det vere mykje betre for elevar og lærarar.

– Eitt ekstra år med fem skular vil ikkje utgjere ein stor forskjell for økonomi i det lange løp. Ifølge kommunen sitt rek-nestykke kjem dei til å spare fleire millionar kvart år i åra som kjem takka vare nedlegging. Så no forlanger vi at det er barnas beste som skal setjast på førsteplass ved sjølve nedlegginga. Noko anna er uforsvarleg, uverdig og uakseptabelt.

FAU meiner det er viktig at representantar frå kommunalt foreldreutval blir med i prosessen knytt til nedlegging.

– Det er barn frå fire skular som er råka av nedlegging, og det er foreldra som ser og veit best barna sitt behov i denne prosessen. Kommunen har eit ansvar for å ivareta det på best mogleg måte og bør få til eit tett samarbeid med kommunalt foreldreutval hele vegen.