– Brannvesenet har no kontroll på brannen i naustrekka, og driv no med ettersløkking, seier innsatsleiar i politiet i Nordfjord, Roger Gundersen, til Fjordenes Tidende.

Shahrooz Lahooti, vaktkommandør ved 110 Vest, seier til TV2 før klokka 23 tysdag kveld at det ikkje var snakk om ti naust.

– Det er begrensa til tre eller fire. Dei har klart å halde det til desse ved å iverksette sløkking frå begge sider.

Rett over midnatt opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt at det er snakk om fem naust som har fått brannskadar av ulik størrelse.

Fekk kome heim

Ifølge innsatsleiar i Nordfjord, Roger Gundersen, kunne dei 15 som var evakuerte truleg kome tilbake til husa sine rundt midnatt, og litt etter midnatt opplyste politiet at dei evakuerte fekk kome heim.

– Nokre av dei var evakuert frå treningssenteret, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Foto: Politiet i Nordfjord

– Korleis har operasjonen gått?

– Det har gått bra. Den største utfordringa har vore å halde båteigarar som vil berge båtane sine på avstand, men det har gått fint, seier innsatsleiaren.

– Kor mange båtar har gått tapt i brannen?

– Det er nok båtar i fleire av nausta, men vi har ikkje eit eksakt tal.

Brukte motorsag

– Var det utfordringar med å kome seg inn i nausta sidan fleire av dei var låste?

– Brannvesenet brukte motorsag så det gjekk greitt.

Klokka 00.05 avslutta politiet på staden medan brannmannskap vart igjen for å slokke utover natta.

Politiet fortel at fem naust har fått skadar av ulikt omfang, og at tre-fire båtar er berørt, men ingen personar skal ha blitt skadde i brannen tysdag kveld.

– Årsaka til brannen er ikkje kjent, opplyser politiet natt til onsdag.