Kunstnar Kjell Stig Amdam varsla i fjor sommar at han ville selje eigedomen som ligg på Skårbø i Selje, og at fjorårets sesong truleg vart den siste ved galleriet.

Sist veke hadde Kjell Stig Amdam og Grethe Berge første visning, og no er eigedomen lagt ut for sal på finn.no med ei prisantydning på 10 millionar kroner.

I annonsen står det mellom anna at eigedomen er godt tilpassa terrenget med minimale inngrep i naturen, og at det dukkar opp kunstgjenstandar fleire stadar når ein ruslar rundt på tomta.

Det står vidare at «eiendommen ligger helt i havgapet med Stadhavet rett inn. Her har du naturen og naturelementene så tett på som det er mulig. Bølgene slår like nedenfor, og du ser like bort ved Selje kloster».

Her kan du sjå heile annonsen.

– No er det juli og det skulle vore fullt trykk hos oss, men på laurdag var det éin person som besøkte oss. Vi har kake og kaffi, utstillingar i tre hus og vi gir det heile, så etter ein slik dag tenker ein «kva er det vi held på med»? For vi er jo ikkje akkurat eit ungdomslag lenger, uttalte Amdam då.

Han sa også då at han ikkje ville legge føringar på kven som skulle få kjøpe eigedomen.