–  Vi visste ikkje at vi var først ut før vi var der, så det tenkte vi ikkje særleg på. Kristin gjorde ein strålande jobb, så vi hadde ei fin oppleving, seier nygifte Amalie Hamre til Fjordenes Tidende.

Flatrakaren som flytta til Deknepollen i Vågsøy i fjor, fortel at vigselen i Måløy vart gjort for å få det formelle på plass. Deretter gjekk turen til varmare strok.

Etter vigsel i Måløy gjekk turen til Maldivene.

– Vi hadde også sermoni på Maldivene no på onsdag, seier Hamre.

Paret vart vigde av ordørar Kristin Maurstad på kunstgalleriet Den Blå Hesten i Måløy.

Frå 1.  januar 2018 tok kommunane over ansvaret for borgarleg vigsel i Norge.