Gunnar Silden, som sit i generalforsaminga til Sparebanken Vest, er ikkje nøgd med å høyre at banken no legg ned Selje sin einaste bank.

– Vi er vande med å ha bank i Selje. Eg lurer på om eg har høyrt at vi har hatt bank her sidan seint på 1800-talet. Så dette kjem vi til å merke, seier Silden.

Han er eigentleg ikkje overraska over at nyheita om nedlegginga kjem, men han er overraska over at den kom såpass fort.

– Vi veit jo at besøket i bankane går ned, men eg hadde kanskje trudd at dei ville vente til dei såg korleis den nye kommunestrukturen ville bli sjåande ut, seier han, og legg til:

– Eg har nemleg inntrykk av at dette er ein godt drive bank.

 – Vil du ta dette opp i generalforsamlinga?

– Ja, eg tenkjer eg bør seie noko om dette når saka skal behandlast. At eg får prøve å føre fram bodskapen om at ein kommune bør ha ein bank. Og fem arbeidsplassar er også mykje i ein liten kommune.

Han tenkjer også på andre brukargrupper, som dei eldre.

– Her er ikkje alle like digitale som dei yngre heilt enno. Dei går i banken, kor skal dei gå no, spør han.