Publikummet i Olivinhallen fekk mellom anna sjå litt av den afghanske folkedansen «attan» under UKM i Vanylven laurdag.

– Vi har lyst til å vise Vanylven kven vi er og kor vi kjem frå, smiler gutane.

Møter negative haldningar

Dei bestemte seg for å delta på UKM for å vise fram kulturen frå heimlandet sitt.

Dei fire gutane kom til Norge saman for eit og eit halvt år sidan, og har budd i Vanylven i seks månadar.

– Det er ikkje så enkelt å prate med andre ungdommar, og folk har ofte negative tankar om oss, seier Shinwari.

Dei trur det kan hjelpe å vere opne og imøtekommande mot folk, og vise fram kulturen dei kjem ifrå.

– Vi har flykta frå krig og er ikkje ute etter å lage bråk slik som nokon trur, påpeiker gutane.

Viktig og samlast

Sander Wefring i det lokale ungdomsbandet Håplaust trur arrangement som UKM kan bidra til at ein kjem tettare kvarandre.

Han får støytte frå resten av gutane i bandet.

– Det er veldig kjekt og møtast, og her har ein ei felles interesse. Det gjer det enklare å prate med kvarandre når ein treffast elles, seier dei.

Dei har hatt spelt i lag i over eit år, og runden av programmet med den sjølvskrivne låten «My Guitar».

– Vi har berre lyst opp igjen på scena!

– Viktig del av integreringa

Over 400 personar var på plass på Åheim for å få med seg årets UKM. Nok ein gong vart det sett deltakarrekord, med 134 påmelde deltakarar, 17 sceneinnslag og 11 utstillingar. Ungdomskulturarbeidar Veslemøy Ervik er strålande fornøgd med arrangement.

– Det er fantastisk kjekt med så mykje folk, og i tillegg har alt gått på skjener, fortel ho.

– UKM og kulturarrangement generelt betyr mykje for samhaldet her vi bur, og det er klart at det blir ein viktig del av integreringa. Dessutan er det jo veldig spennande å kunne sjå og lære dans frå Afghanistan, påpeiker ho.

Ho er einig med gutane i at ein slik arena kan gjere det enklare å ta kontakt med kvarandre.

– Vi er ein MOT-kommune, og det er veldig viktig at alle skal kunne vere seg sjølv og vise det ein driv med. Her finn ein folk med like interesser, og det er gull verdt, fortel Ervik.

Respekt for arrangementet

Ervik arrangerer UKM saman med ungdomsrådet i Vanylven, og trur respekt for arrangementet er nøkkelen til suksess.

– Vi prøvar alltid å skape ei Grand Prix- stemning, og trur det gjer susen, både for deltakarlista og publikum. Ungdommen har nok av tilbod, så det er ikkje slik at dei kjedar seg, avsluttar ho.

Ein sosial arena

– Det er ikkje så veldig viktig å gå vidare, gleda er å få kome å vise seg fram, seier Heidi Endal.

Ho er dirigent for barnekoret Fram, som laurdag deltok med tre songar på UKM. Endal meiner det viktigaste er å inkludere alle og ha det kjekt.

– UKM skal vere lågterskel, og alle skal kunne vere med og kjenne meistring, seier ho.

– Ein kan bruke øyrene og høyre om det er fint, og det kjem ein langt med!

Endal meiner bygda er flinke til å inkludere ungdommen.

– Eg synest vi på Åheim generelt er flinke og bidreg til eit godt ungdomsmiljø, og det er utruleg viktig for bygdene.