På Eid vidaregåande skule er det hektisk aktivitet. Elevane skal lage kulissane til årets opera, Hoffmanns eventyr.

Nær alle andreklassingane på yrkesfag på skulen tar del i førebuingane. Det blir blant anna snikra, sveisa og sydd. For Johannes Navelsaker er det første gong han tar så stor del i førebuingane.

Elevane i denne klassa jobbar med eit stort element som skal ha ulike funksjonar under operaframsyninga.

– Den skal stå midt på scena å fungere både som bar og piano. Etter kvart skal det bli lyssett og malt, forklarar lærar Mari-Janne Henden.

Ho har vore med på prosjektet tidlegare år, og seier elevane har god nytte av å ta del i førebuingane.

– Elevane får gjere noko anna, og får samstundes sjå at det finst mange ulike moglegheiter med den utdanninga dei har byrja på.

– Vi står for det første steget, men når vi er ferdig med å bygge elementa skal dei både målast og lyssettast, så tida går fort, men vi kjem nok i mål, smiler Henden.

Vegg i vegg med elevane på industriell møbelproduksjon sit lærar Sigrunn Leivdal og scenograf Sunniva Bodvin. For scenografen er det 4. gong ho samarbeider med lærarar og elevar ved Eid vidaregåande skule om å førebu operaframsyningar.

– Ein har lært seg korleis ein jobbar her og ein veit kva kompetanse og moglegheiter som finst. Eg syns dette er eit unikt og veldig positivt samarbeid. Det er mange flinke folk her, seier Bodvin, som har mest kontakt med lærarane i prosessen.

Leivdal peikar på at det er ei viktig erfaring for dei elevane som er utplassert i Opera Nordfjord.

– Det er nye utfordringar kvart år, og det er utruleg kjekt å sjå kor stolte elevane blir når dei får sjå sine bidrag på scena, smiler Leivdal.