– Før vi i det heile var ferdige å annonsere MC-turane for ungane, hadde det danna seg ein fleire meter lang kø, smiler president i MC-klubben Njords Men, Kjell Larsen.

Larsen synest det er veldig hyggjeleg å knyte band til dei unge i lokalmiljøet, og vise at MC-miljøet bryr seg. For nettopp barn og unge er målgruppa for MC-paraden dei no gjennomførte for andre år på rad.

– Vi ønskjer å vise at vi bryr oss om nærmiljøet og at vi vil engasjere oss for at barn og unge skal ha det bra.

Nasjonalt

Den lokale MC-paraden i Bremanger er ein avleggjar av det nasjonale arrangementet MC mot mobbing.

Og dei unge set pris på det.

– Det er artig at dei arrangerer ein slik dag, og bra at dei viser at mobbing ikkje er bra, seier er Ole-Andreas Førde Kupen (14) som hadde tatt turen frå Måløy.

Til tiltak mot mobbing

Larsen veit enno ikkje kor stort overskotet etter laurdagens arrangement blir, men fortel at beløpet uavkorta vil gå til lokale tiltak mot mobbing.

Mange folk

Og det kan godt hende det blir eit fint overskot i år. For Larsen fortel om både ei dobling i tal motorsyklar i paraden og atskilleg fleire folk i sentrum av Kalvåg på arrangementet.

– Det var cirka 40–45 syklar i paraden, og folk kunne henge seg på med bilar etter det igjen, fortel Larsen.Han rosar også Bremanger kommune, både for pengestøtte, men også generell støtte.

– I år hadde kommunen leigd inn ein buss som køyrde paradestrekninga frå Svelgen til Kalvåg. Her kunne barn og foreldre som elles ikkje hadde hatt moglegheita til å delta bli med.

Larsen trur MC-miljøet etter kvart er blitt meir ope og har fått eit betre rykte.

– Folk les i media om den eine prosenten av klubbane som gir andre dårleg rykte. Men for oss som ikkje er så inne i dette miljøet har trenden gradvis snudd. Vi møter berre openheit og velvilje frå folk, næringsliv og kommune, seier Larsen, som meiner slike arrangement som MC-paraden er med på å opne opp det som mange kan oppfatte som eit lukka miljø.

– Vi bryr oss om lokalmiljøet og ønskjer å vise det.

Takkar supportgruppa si

Det å arrangere ein slik parade og ein slik dag er eit dugnadsprosjekt, og Larsen fortel at om klubben sjølv har jobba, så hadde det ikkje gått utan supportavdelinga deira «Frøya».

– Frøya består av ektefellane og sambuarane våre. Arrangementet hadde aldri gått så bra om vi ikkje hadde hatt dei ved sidan av oss, seier Larsen.

– Vi siktar mot medlemmer frå Bremanger kommune, men det er også ope for andre om ein har ein tilknyting eller kjennskap til kommunen, avsluttar Larsen.