Seksjon rus ved Lærings- og meistringssenteret ved Nordfjord psykiatrisenter/Nordfjord sjukehus startar no eit nytt kurstilbod dei har kalla «Møteplass».

Dette skal vere samlingar der pårørande til menneske som lever tett på rusavhengnad kan møte andre i tilsvarande situasjon, fortel Helse Førde i ei pressemelding.

Dei skriv vidare at «Møteplass» skal vere ein arena som er trygg nok til at alle vågar å opne opp for det ein ynskjer å dele, formidle og få tilbakemeldingar på.

Tanken er å samtale, dele erfaringar og kunnskap. Aktuelle tema er å vere pårørande til ein rusavhengig, korleis ein kan snakke meir ope om utfordringane og korleis ein kan vareta heile familien, skriv Helse Førde og fortel at det er første gong det blir laga eit slikt opplegg for pårørande i Sogn og Fjordane.

Tilbodet ved Nordfjord psykiatrisenter er fylkesdekkande.