Vassverket på Raudeberg tek form ved hjelp av blant anna prislønte lærlingar.

– Dette prosjektet er litt spesielt, her har vi ein bas, som vart årets lærling i Veidekke for nokre år sidan og ein som vart årets lærling i selskapet i fjor, fortel anleggsleiar på vassverket på Raudeberg, Arild Førde, som fekk andreplass i konkurransen om å bli årets lærling, då han sjølv var lærling i Veidekke.

Selskapet er hovudentreprenør for ombygginga og utvidinga av Raudeberg vassverk, som skal forsyne fastlandet, Måløy, Holvik og Vågsvåg med vatn, medan ein utbetrar demningane på Skramsvatnet.

10 prosent lærlingar

– Eg kunne ingenting når eg kom hit, men eg har fått god opplæring og har hatt ein fadder, som har hjelpt meg, fortel Liseth, som no jobbar med dekkereis på vassverket.

Veidekke har som målsetting at 10 prosent av fagarbeidarane i selskapet skal vere lærlingar. Førde, som er anleggsleiar, har også hovudansvaret for lærlingar i avdeling Sandane, og seier dei ligg godt an.

– Vi har ein lærling her på prosjektet og elles i Sogn og Fjordane har vi seks lærlingar og ein 40 til 50 fagarbeidarar, så vi ligg allereie over målsetjinga. Etter endt læretid kan ein gå vidare til teknisk fagskule / påbygging og  bachelor i  ingeniør. Ingeniørar med fagbrev i botn, er dei mest ettertrakta ingeniørane på marknaden.  fortel han, og legg til:

– Målet er at vi i distrikt Sogn og Fjordane til ein kvar tid skal ha seks lærlingar.

Spår ei god framtid

– Sjølv om du har karakteren to i norsk, tyder ikkje det at du er ein dårleg fagarbeidar. Det viktige for oss er at vi har hatt elevane på utplassering og sett at dei fungerer på ein byggeplass og at dei har interesse for faget, seier Førde.

Trass i vanskelege tider i norsk økonomi viser ferske tal frå Sogn og Fjordane at det i januar vart registrert 634 nye ledige stillingar og at det går godt i bygg- og anleggsbransjen. Noko Førde seier seg einig i.

– Det går veldig bra. Sjølv om Veidekke er ein stor aktør som kanskje i større grad blir påverka av svingingar i marknaden enn dei små lokale.

Vil ha fleire søkjarar til yrkesfag

Foreldre blir sett på den viktigaste rådgjevaren når ungdom skal velje studieretning. Men ein av tre seier dei har for lite informasjon til å fylle rolla.

– Foreldre er den viktigaste sparringpartnaren for borna. Då er det bekymringsfullt at mange meiner dei manglar informasjon. Dette kan i verste fall gå utover søkjartala til yrkesdag. Foreldre som meiner yrkesfagleg utdanning ikkje passar for borna deira, manglar ofte kunnskap om moglegheitene yrkesfag gjev, seier konsernsjef i Veidekke, Arne Giske i ei pressemelding.

Ifølgje SSB vil det dei nesten 15 åra vere eit enormt behov for fagutdanna innan bygg og anlegg. Frå eit nivå på rundt 140.000 fagarbeidarar i dag, vil behovet stige opp mot 190.000 i 2030. Med naturleg avgang vil dette gje eit behov for om lag 6.000 nye fagarbeidarar kvart år.

– Vår bransje er avhengig av kompetent og lokal arbeidskraft. Vi skal bygge landet, og vi skal gjere det med våre eigne faste tilsette fagarbeidarar, fortel Giske.