Ordførar Audun Åge Røys (H) har innsett at eigedomsskatten likevel har kome for å bli nokre år når Bremanger no må finne cirka 8 millionar ekstra dei neste tre åra.

Bremanger sitt budsjett for 2016 er enno ikkje godkjent. Fylkesmannen krev eit annleis tempo i inndekkinga av Terra-underskotet enn kommunen.

Dei ønskte ei jamnare fordeling av restunderskotet per år, og hadde i budsjett og handlingsplan lagt opp til dette. Men det fekk dei ikkje lov til.

Administrasjonen jobbar

Han fortel at økonomien ikkje var tema då kommunestyret møttest torsdag.

– Vi tek den diskusjonen i samband med tertialrapporten og ny behandling for å justere budsjettet i kommunestyret i juni, seier han.

Så langt jobbar administrasjonen med å gå gjennom oppgåver og tenester for å finne både innsparings- og inntektspotensial for kommunen.

Kan sjå mot kutt

Utan at Røys kan forskottere noko som helst, er det dei to store sektorane helse og skule som ofte vil bli diskutert når det er snakk om å kutte kostnadar.

– Ja, viss ein skal spare, så er det mot dei områda ein må sjå. Og då er det lønningar som er den største posten, seier ordføraren.

– Næringslivet må auke aktiviteten, men det syter vi jo lite for, meir skatteinngang, og så håpar vi jo på utfallet av ulike rettssaker etter Terra.

– Har ein tid til å vente på dette. Budsjettet skal godkjennast i juni.

– Det er eg litt usikker på. Men om forsikringsselskapet ACE no ikkje ankar vidare tapet i lagmannsretten til høgsterett, så er det litt å hente for oss der.

– Men eigedomsskatten, som du ville avskaffe så fort som muleg, har kome for å bli nokre år?

– Ja, det ser nok stygt ut for det, asvluttar Røys.