Skulane er førebels freda, men elles må administrasjon og politisk leiing i Bremanger snu alle steinar for å møte krava til det enno ikkje godkjende 2016-budsjettet.

– Vi kan ikkje utelukke noko. Det meste av kostnadene til kommunen er lønskostnader, så det er på stillingar dette vil gå, seier rådmann Tom Joensen, som likevel presiserer:

– Men vi skal ikkje få panikk. Vi skal ha is i magen og sjå korleis prosessane rundt Terra-saken utviklar seg i retten. Og vi må tenke langsiktig.

– De kjem ikkje til å starte å kutte stillingar og tenester hals over hovud?

– Nei, nei. Men at det blir stramt framover er det ikkje tvil om. Vi får no endå større utfordringar desse første tre åra, 2016 til 2018, enn handlingsprogrammet la opp til.

Ville betale ned jamnare

For det er det saka eigentleg handlar om – nedbetalingstempo.

Bremanger har ifølgje Fylkesmannen eit akkumulert underskot ved årskiftet på rundt 100 millionar. Av det skal 75 millionar dekkast inn innan 2018, men kommunen hadde budsjettert med berre 50 millionar i denne perioden.

– Vi må altså justere inndekkingstakta i forhold til det vi hadde lagt opp til, seier Joensen.

Bremanger søkte Fylkesmannen om tre års forlenging på dei ti åra dei har til å nedbetale den opphavlege Terra-gjelda (230 mill.). Men etter Joensen si meining tilseier eit ekstra tap på 90 mill. (på derivatavtalar) som kom til etter at dei ti åra var sett, at dei burde få lengre nedbetalingstid.

Resten av milliongjelda må såleis betalast innan 2018 som før.

– Det var ikkje dette vi søkte om. Vi søkte om å få jamnare fordeling på nedbetalinga. Vi la opp til ca. 22 mill. i 2016, og ca. 14 mill. i 2017 og 2018. Etter det planla vi for rundt 13 mill. i året. Eg meiner ei slik jamnare inndeling er fornuftig.

Men Fylkesmannen er ikkje einig, og Bremanger må dermed justere budsjett og handlingsplan slik at ein dekker inn 25 mill. meir dei neste tre åra.

Skal ikkje få panikk

Han vil no rå politikarane til å ha is i magen og vente på utviklinga i rettssalane der ulike saker rundt Terra går føre seg.

Samtidig peiker han på at presset på økonomien ikkje berre har med Terra å gjere.

– De har spart og effektivisert i fleire år. Er det rom for meir?

– Det er stramt, og det har ikkje blitt meir rom. På eit eller anna tidspunkt må ein vurdere strukturelle endringar, seier Joensen, som ikkje kan seie om det tidspunktet er no eller kva ein vil kutte.

– Står skular i fare?

– Skulestrukturen heng saman med elevutvikling, men politikarane har signalisert freding av skulane i eit par år. Vi må no igjen leite etter plassar å spare, og vi må sjå om det er noko å hente på inntektssida.

Joensen er ikkje så uroa for investeringane. Fylkesmannen godkjende nyleg låneopptak på 11,5 mill. til fullfinansiering av Svelgen omsorgssenter. Men sjukeheimen er allereie finansiert.

– Så det er ikkje sikkert vi kjem til å nytte oss av det. Og vi har også ein del midlar på investeringsfond, seier han.

Kan få 45 millionar frå rettssaker

Om det går vegen i to rettssaker, og Bremanger får sin del av det som er igjen i Terra-buet, kan det bety 45 millionar kroner for Bremanger kommune totalt.

Borgarting lagmannsrett har nyleg halde oppe Oslo tingrett sin dom mot forsikringsselskapet ACE i favør Terra-kommunane.

Om domen blir rettskraftig betyr det i underkant av 15 millionar til Bremanger.

– Då vil det løyse 2016 for oss i alle fall, seier Tom Joensen.

I tillegg pågår nok ein forsikringsrettssak, mot dagleg leiar og styret. Også her kan siger bety 15 millionar for Bremanger. Endeleg kan fordeling av attverande midlar i buet etter Terra også bety 15 millionar inn på kommuneboka.

– Dette er sjølvsagt berre estimat, men det kan endre situasjonen for oss, seier Tom Joensen, og legg til:

– Men det er ikkje pengar vi kan rekne med. Vi må berre vente og sjå.