Rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, meiner at samarbeid ikkje kan løyse dei problema kommunane står overfor i framtida.

– Om det ikkje blir samanslåing, kan ein ikkje berre samarbeide, seier Åslaug Krogsæter.

– Vi er av den klare oppfatning at noko utstrekt interkommunalt samarbeid vil vi ikkje ha for å løyse våre utfordringar, seier Krogsæter, og legg til:

– Vi får eit demokratisk underskot dersom politikarane skal vere med å styre, men ikkje har full innsikt. På nokre område må vi samarbeide med andre , men vi vil ikkje auke det interkommunale samarbeidet.

– Ei dårleg løysing

Krogsæter seier at kommunen vil halde fram med dei interkommunale samarbeida dei har i dag, men meiner vegen å gå er samanslåing for å løyse utfordringar i framtida.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), er samd med rådmannen, og meiner meir interkommunalt samarbeid er ei dårleg løysing.

– Eg tenke at IKS stele så mykje kapasitet og ressursar i ein kommuneorganisasjon at det er ei dårleg løysing å velje interkommunalt samarbeid framfor samanslåing. Poenget er å jobbe saman. Seier Gloppen nei til at vi skal bli eit lag, då må vi frå Eid si side finne andre løysingar, seier Bjørlo.

Delte meiningar

I det felles formannskapsmøtet torsdag hadde ein også ei oppsummering av folkemøta, som har vore i Gloppen og Eid, og ein open diskusjon om syna på kommunesamanslåing.