Fem dagar etter at ruteselskapet la ned for godt, er det framleis vanskeleg for driftsleiar Linda Svarstad å svare noko anna enn «Rutebilane i Bremanger» når telefonen ringer.

– Selskapet har eksistert i 68 år. Eg har jobba der i 32 av dei, så, ja, eg seier litt feil. Men det går bra. Folk berre ler, smiler Linda Førde Svarstad.

Saman med dei to sjåførane, Ann Elisabeth Terdal og Halvar Myren, opplevde ho ein spesiell dag på jobben på søndag.

– Det var ein vemodig dag. Rutebilane i Bremanger køyrde ruta for aller siste gong.

Kunne ikkje konkurrere

Måndag tok nemleg Firda Billag over rutene etter at dei stakk av med sigeren i anbodskonkurransen lyst ut av fylkeskommunen.

– Fylkeskommunen bestemte seg for at ytre Bremanger skulle ligge under Sunnfjord. Det er noko dei kunne unngått, men dei valde å gjere det. Med det resultat at Rutebilane blei halde utanfor å levere anbod. Vi ville ikkje blitt godkjende for vi speler ikkje i den ligaen. Utan rutebildrift var det ikkje liv laga for eit lite busselskap, og dermed er det slutt på nær 70 år med lokal busstransport i Bremanger.

– Sjåførane våre kjem sjølvsagt til å ivareta passasjerane på same gode måte som før. Vi skal stå klare til å handtere det, og går over til Firda Billag med tru på at vi skal gjere ein god jobb på same måte, seier ho, sjølv om det vil bli endringar.

Allereie har ho fått ein del telefonar om ruteendringar.

– Det er fylkeskommunen som planlegg rutetidene, ikkje det nye rutebilselskapet, seier Svarstad, som presiserer at folk no må ringe ruteinformasjonen om dei lurer på dei nye rutene. For annan informasjon må ein ringe Firda Billag.

Vaks med vegnettet

Det var bestefaren til dagens fire eigarar, Abraham Terdal, som i 1948 stifta Rutebilane i Bremanger. Så overtok sonen Paul, og etter han, hans fire born, Terje Terdal, Ann Elisabeth Terdal, Monicha Terdal og Evy Karin Terdal Moe. Alle fire er busett i Bremanger.

Selskapet vaks organisk med framveksten av betre infrastruktur i Bremanger.

– Vi har køyrt konsesjonsrutene frå starten. Vi utvida etter kvart som vegen kom til. Vi fekk bussrute til Kalvåg då bruene kom, og rute til Berle og Svelgen då dei vegane kom.

Selskapet har alltid hatt stabil drift.

– Det har ikkje vore permitteringar. Vi har halde det gåande, seier Linda Svarstad.

Blir med vidare

Alle sjåførane har blitt tilbodne jobb i Firda Billag. Svarstad fortel at ettersom ein går av med avtalefesta pensjon, og ein sluttar etter eige ønske, er det totalt seks sjåførar som blir med over.

– Eg skal vere teamleiar for Bremanger, ytre og indre, men også køyre litt buss.Svarstad meiner det er vemodig i å seie farvel til eit godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidsplass.

– Det er som eit kapittel er vekke, og det kjem ikkje til å kome igjen. Det blir aldri eit slikt selskap som Rutebilane i Bremanger igjen.