– Det skulle berre mangle at det ikkje skulle treffe oss også ein gong, seier Turid Breidalen, som opplevde at nokon stakk av med lopper i helga.

– Vi er obs på det og prøver å passe på. Det er ikkje noko stort problem, og vi får tusenvis av folk innom før det skjer igjen, seier Breidalen.

– Før vi fekk gjort noko med det så var personen vekke. Det er jo ein bagatell, men vi vil jo ikkje at det skal vere slik. Det skjer frå tid til anna, og det var ingen innvandrar, så det er sagt, seier ho, og legg til at dei ikkje har vore i kontakt med politiet.

– Vi tapte jo ikkje noko i kroner eller øre, for vi får jo alt inn. Hadde det vore mykje og ofte, så hadde vi gjort det. Men å begynne å bruke politiet til å etterforske lopper, det går ikkje, meiner Breidalen.

– Det var kjempebra! Vi har fått litt tilbakemeldingar på at vi har gått bitte litt opp i pris og at folk ikkje vil komme igjen. Det synest eg er leit. Vi tener cirka 10.000 per loppemarknad, og så høyrer eg at andre tener 40.000 på tilsvarande, og då må dei ta høgare prisar.