Formannskapet i Eid tilrår at kommunen melder seg ut av Nordfjord Havn. – No er tolmodet slutt, seier Eid-ordførar, Alfred Bjørlo (V).

Eit samrøystes formannskap gjekk torsdag inn for ei tilråding som seier at Eid melder seg ut av Nordfjord Hamn IKS.

Har alternativ

Eid kommune har gått inn på eigarsida i Sea Walk Nordfjordeid AS med 3,2 millionar for å realisere planane om ei flytekai på Nordfjordeid. Dette meiner Nordfjord Havn strider med vedtektene i det interkommunale selskapet.

Styret frårår samstundes havnerådet å endre på vedtektene.

– Det at vi ikkje får hjelp av Nordfjord Havn er ein ting, men når vi blir aktivt motarbeidd, så er ikkje det greitt. Vi har fullgode alternativ til selskapet, seier Bjørlo.

Ser mot Bremanger

Politikarane i Eid ser no mot Bremanger i håp om å få til eit samarbeid om hamne- og farvassoppgåvene.

– Rådmannen er i dialog med Bremanger kommune. Eg trur det er ei god og tenleg løysing, seier Bjørlo, og legg til:

Hamneverksemda i kommunen inngår i administrasjonen.

– Bremanger har eit stort volum i sine hamner og kan dette. Så eg ser ikkje på dette som noko problem, seier Bjørlo.

Eid kommune og Nordfjord Havn står på sakskartet når det er møte i havnerådet 12. desember. Kommunestyret i Eid skal handsame saka i sitt siste møte før jul, 15. desember.

I strid med vedtektene

Havnestyret meiner planane om Sea Walk på Nordfjordeid er i strid med vedtektene, og rår samstundes havnerådet til ikkje å endre vedtektene i selskapet, slik Eid kommune bad om.

– Styret har gitt ei uttale til havnerådet, og det er dei som skal ta avgjerda på kor vidt ein reknar drifta av Sea Walk på Nordfjordeid som noko som strid mot vedtektene, og om ein eventuelt vil endre desse. Saka er ikkje ferdigbehandla frå Nordfjord Havn si side, seier styreleiar Elisabeth Elliott.

Ho vil ikkje spekulere i korleis ei eventuell utmelding frå Eid si side vil påverke den framtidige drifta av selskapet.

Elliott seier dei har fokus på å ha gode prosessar i det interkommunale selskapet.

– Etter at eg kom inn som styreleiar har eg hatt fokus på at vi skal ha ryddige prosessar. Eg tar til meg eventuell konstruktiv kritikk og vi vil forsøke å ta med oss det vidare med tanke på å rydde opp i avgjerdsprosessane.

Havnedirektør Kjell Fagna vil ikkje seie noko om korleis drifta blir påverka dersom Eid kommune vel å melde seg ut.

– Foreløpig er Eid ein del av Nordfjord Havn, seier han.