– Det var ein pasient hos meg i Ulsteinvik som meinte eg burde starte praksis i Måløy, så då gjorde eg det. No er det pasientar frå Selje som ønskjer det same tilbodet der, så det er planen. Eg har mange pasientar frå Vågsøy, Selje og Vanylven, fortel Boeva.

Sidan oktober har ho kvar onsdag hatt kontor i Måløy, og pågangen har ifølge osteopaten vore god, sjølv om det er litt rolegare på kontoret i tredje etasje i Prosjektsenteret i Måløy sentrum etter jul. No er osteopaten i samtalar for å starte opp det same tilbodet i Selje.

Jobbar med turnarar

Boeva er utdanna øyre-nase-halslege frå St. Petersburg, og har drive Ulstein osteopatiklinikk sidan 2009. I 2011 fullførte ho osteopatutdanninga.

– Ein gong i månaden sjekkar eg jentene med tanke på førebygging. Turnjentene driv internasjonalt og trenar om lag fire timar seks dagar i veka, fortel ho.

Komplementær behandling

Boeva forklarar at osteopatar stimulerer kroppen slik at den sjølv skal jobbe med å lege til dømes etterverknadar frå skader, betennelsar og brot.

– Vi osteopatar tenker på kroppen som ei eining. Kroppen er alltid i endring, og det er desse spenningane og forandringane vi er på jakt etter. Vi kan hjelpe alle utanom dei med kreft eller folk med akutte lidingar som må behandlast på sjukehus, seier ho, og legg til at dei arbeider med bindevev, og ikkje indre organ.

– Det finst folk som berre trur på legen sin. Men osteopati kan være eit tillegg til behandling frå lege, seier Boeva.

Frå 2008 vart det oppretta eit fireårig heiltidsstudium i Norge. Dette er i dag ein del av Høyskolen Kristiania, og er NOKUT-godkjent, noko som betyr at osteopatutdanninga blir rekna som høgare utdanning i Norge.

– Osteopati er allereie integrert i legeutdanninga i USA og Russland. Med bakgrunn i forsking har dei også tatt osteopati inn som ei komplementær behandlingsform, samanfattar Boeva.