På landsnivå er det ein auke på 3 489 personar, tilsvarande 1,1 prosent.

– I 2014 og 2015 var det ein auke i talet på uføretrygda. At denne auken no har stoppa opp er gledeleg og skuldast lågare tilgang av nye uføre, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

– Dette er svært positive tal med den næringsstrukturen og alderssamansetninga som vi har i Sogn og Fjordane. Dersom fylket hadde same alderssamansetning som landet, ville prosentdelen uføretrygda berre vore 7,6 prosent og mellom dei lågaste i landet, seier Thorsnes.

Samanlikna med desember 2015, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppa 50-54 år (+5,8 prosent). Aldersgruppa 18-29 år har ein auke på 5,6 prosent. I aldersgruppene over 55 år er det ein reduksjon i talet på uføretrygda.

– Dei siste åra har det vore ein tendens til at talet på uføre under 55 år aukar, mens det blir færre uføre over 55 år. Når det gjeld dei under 30 år, er det ofte snakk om svært alvorlege diagnosar, seier Thorsnes.

Av dei nye mottakarane av uføretrygd i 2016, hadde 29 prosent ein gradert uføretrygd. I 2015 var talet 33 prosent. På landsnivå er det ein nedgang frå 26 prosent til 25 prosent.

– Dei nye reglane frå 1. januar 2015 gjer det mykje lettare å kombinere arbeid med uføretrygd, og det er positivt at så mange nye mottakarar i vårt fylke har ein gradert uføretrygd, seier Thorsnes.