I januar i år er det ifølge tal frå NAV registrert 42 arbeidsledige i Bremanger. Dette er ein nedgang på 32 prosent frå same periode i fjor. I Vågsøy er talet arbeidsledige redusert med 24 prosent, og det er i dag 76 ledige personar i kommunen. I Selje er det 34 personar som er registrert ledige. Dette er ein nedgang på 15 prosent. 43 personar er arbeidslause i Eid. Dette er 27 prosent færre enn på same tid i fjor.

Lågast i landet

– Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er redusert med 24 prosent samanlikna med januar i fjor og det er svært god tilgang på nye jobbar. Dette er ein god start på det nye året, fortel direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding frå NAV.

Med 1081 heilt ledige, noko som utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet. Det er 335 færre ledige enn i januar i fjor, det svarar til ein reduksjon på 24 prosent. Ingen andre har like stor reduksjon som Sogn og Fjordane.

23 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i januar. Reduksjonen er størst i Flora med 82 færre ledige enn på same tid i fjor. Hornindal har lågast arbeidsløyse med 0,7 prosent. Deretter kjem Gloppen med 1,1 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i Hyllestad med 3,4 prosent.

120 permitterte

– Det er nedgang i arbeidsløysa i alle dei største yrkesgruppene. Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan bygg og anlegg og industri, som har høvesvis 90 og 69 færre ledige enn i januar i fjor, heiter det i pressemeldinga frå NAV.

I januar var det ein tilgang på 901 nye ledige stillingar. Dette er ein auke på 17 prosent frå same periode i fjor.

– I Førde åleine vart det lyst ut 188 ledige stillingar i januar. 76 av desse er innan helsevesenet. Dei andre fordelar seg på mange ulike yrkesgrupper, seier Thorsnes.