– Utekontakten, NAV og politiet har kartlagt ei gruppe ungdomar som står utan skuleplass og arbeid. No ønskjer vi å lage eit opplegg rundt desse ungdomane, slik at vi kan få dei ut i jobb eller tilbake til skulen. Opplegget vil gå på tilrettelegging og tett oppfølging, fortel Karina Longva.

Ho er tilsett som leiar for prosjektet, som startar opp denne månaden.

Tilbodet kommunen no satsar på er frivillig, og ungdomane må søke om å få ta del i prosjektet. Longva trur tilbodet vil vere attraktivt.

– Eg håpar verkeleg at vi får med oss ungdomane, og at vi kan få ein tett og god relasjon, der vi kan hjelpe dei med dei utfordringane dei har, seier ho.

Prosjektet er heilt i startfasen, og Longva samarbeider med NAV og utekontakten, og jobbar no med å få lokale bedrifter med på laget.

Det er kommunen i samråd med Fylkesmannen i Møre og Romsdal som står bak Jobbsjansen for unge vaksne.

– Vi har eit godt NAV-system, men dei har ikkje kapasitet til å drive oppfølging i like stor grad som vi har no. Vi har sett av midlar til ulike utgiftspostar, som til dømes kursing og busskort, forklarar prosjektleiaren.

I første omgang strekk prosjektet seg over eit år.

– Vi håpar sjølvsagt at det skal bli vellukka, og at vi då kan vidareføre det, seier Longva.

– Begge prosjekta stemmer godt overeins med kommuneplanen, som seier ein skal satse på ungdomsaktivitetar og sysselsetting, seier Longva.