Utekontakten i Vanylven har vore i aksjon i snart eitt år. Politiet merkar god effekt av arbeidet ho gjer med å aktivisere ungdomane i kommunen.

I fjor tilsette Vanylven kommune sosionom Annette Gjeterud som utekontakt for å få bukt med problemåtferd i ungdomsmiljøet i kommunen. Mobbing, narkotika og hærverk var då ein del av denne problematikken. Lensmann i Vanylven, Tor Sæther, seier at det no går rette vegen.

– Vi har veldig gode erfaringar med utekontakten, og det er lett å få til eit samarbeid mellom henne og politiet. Det er ein veldig viktig funksjon ho har her i kommunen.

Ein aksjon for tre år sidan avdekka eit nedslåande resultat for politiet i kommunen.

– Det var ein god del narkotika som vart avdekka. Dei vi tok då var vaksne ungdomar. Desse er riktig nok ikkje i målgruppa til utekontakten, men det er heile tida rekruttering til desse miljøa, slik at det er viktig å fange opp dei som byrjar å flørte med alvorlege rusmiddel. Der kan utekontakten vere med å bidra ved at ho kan vere den første som ser det, samstundes som ho kan vere med å skape sunne interesser for ungdomane tidleg, seier lensmannen.

Utekontakt Annette Gjeterud vart i august i fjor tilsett i ei toårig prosjektstilling. Ho er på skulebesøk faste dagar i veka og danna seg eit bilete av kva ungdomane ønskjer seg.

I tillegg har Gjeterud arrangert skidag til Harpefossen, fjellturar og LAN.

– Det er sikkert nokre vi ikkje får med oss, men eg har sett at fleire som ikkje deltek på andre organiserte aktivitetar deltek på ungdomsklubben, seier ho.

Ordførar i Vanylven kommune, Lena Landsverk Sande, seier at om ordninga kan hjelpe to ungdomar, så er det verdt det.

– Vi må ha respekt for at slike forsøk tar tid. Det skal bakast inn, men no har mange forstått korleis ordninga kan brukast, seier ordføraren om tilbodet om utekontakt i kommunen.

– Grunnen til at vi oppretta dette tilbodet var at det alltid vil vere ungdomar i ei lita eller større kommune som ikkje finn tilbod som passar for dei. Når det kjem til dette med mobbing er det eit tema vi alltid må jobbe med, seier ho.

No skal ordninga med utekontakten evaluerast i kommunen, og Landsverk Sande er ikkje i tvil om sitt synspunkt.

– Ein får med ungdomar som kanskje har hatt vanskar med å finne aktivitetar som passar for dei. Difor håper eg at vi får halde fram med dette. Det har vore eit veldig godt forsøk, konstaterer ordføraren.