Det var på kommunestyret tysdag at politikarane handsama saka om interkommunalt samarbeid med Herøy kommune.

Til saka låg det føre eit brev frå tillitsvalde i Vanylven brann og redning ved Svein Sørdal og Trond Barstad, som seier seg forbausa over at ein skulle ha oppe ei slik sak om samarbeid med Herøy om 50 prosent brannsjefstilling.

– Vi er mange av oss som har vore med lenge i korpset og undrast kva ein vil med dette. Vi saknar analyser over kva ein vil oppnå, korleis det skal løysast og kvar sparinga ligg ved å flytte stillingsressursar. Vi ser òg hos dei tilsette at det ikkje er stimulerande for den dugnadsånda som har vore rådande lokalt. ei tid hadde vi brannshef i Selje og vi såg at det hadde sine utfordringar. Kan hende vil dette i tifelle verke glimrande, men det er vanskeleg å seie når ein ikkje veit noko om korleis det skal løysast i praksis, seier Barstad til avisa.

Svein Sandvik (V) forslo på vegne av gruppa si å ta vekk punktet om felles brannsjef frå framlegget om samarbeid. Dette forslaget fall med ni mot ti stemmer.

Vedtaket vart som følgande:

Vanylven kommune og Herøy kommune ynskjer å utarbeide ein samarbeidsavtale om å etablere felles administrativ brannsjefstilling frå 1. januar 2019.

Vanylven kommune skal ved eit slikt samarbeid ta ut ein effektiviseringsgevinst på 0,5 årsverk i løpet av prosjektperioden.

Samarbeidsprosjektet går over 2 år med påfølgjande evaluering.»

På kommunestyremøtet vart det også vedteke ei tilleggsløyving på 700.000 kroner til kjøp av brannbil i Synvde med diverse utstyr, som til dømes skumanlegg.