Eit fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre gjekk inn for at Bryggja skule og Holvik skule vert lagt ned frå hausten 2018, og at elevane vert flytta til henholdsvis Skavøypoll og Skram skule.Roger B. Silden leverte framlegget frå dei tre partia. I framlegget heitte det at:

«1. Bryggja skule og Holvik skule vert lagt ned frå hausten 2018, og elevane vert flytta til henholdsvis Skavøypoll og Skram skule.

2. Alternativet med ein felles barneskule i Vågsøy vert å utgreie ytterlegare med tanke på tomtealternativ og bygging. Ein tar sikte på at ei utgreiing blir ferdig snarast mogleg.

3. Forskrift om krinsgrenser må endrast og handsamast i tråd med reglane i forvaltningsloven.»

Dette framlegget fekk 17 stemmer.

Ville utsette saka

Hogne Bleie (Frp) kom med eit forslag om å utsette saka. I framlegge heitte det:

«Vågsøy kommunestyre sender fremlagt plan i retur til administrasjonen og ber om følgende tilleggsutredninger:

2. Konsekvenser og muligheter for å bygge en ny barneskole sentrumsnært i Måløy, for elevene i Måløy og vestre krets.»

16 av dei 27 kommunestyremedlemmane stemte mot dette forslaget, og framlegget fall.

Bleie fremja så forslaget frå mindretalet i formannskapet:

«Kommunedelplan for oppvekst - struktur - blir vidareførd med 5 barneskular. Ny planperiode blir 2017 - 2029.

Det skal snarast utarbeidast ein rehabiliteringsplan for Skram skole. Viser her til tidlegare løyving, stor kr 800.000.

Endeleg økonomisk ramme i Prosjekt 2064 Rehabilitering Skram skole skal leggast fram som eiga sak og innarbeidast i Økonomimelding I 2018.»

Forslag om ein barneskule

Betty Hessevik (Sp) fremja eit forslag om ein barneskule på vegner av Sp, Frp og TVL:

2. Noverande skulestruktur med fem barneskular i Vågsøy kommune består fram til ny skule er ferdig bygd.»

– Dette er ikkje vårt primære ønskje, men vårt subsidiære ønskje viss vi ikkje får fem skular, samanfatta Hessevik.

– Ein rein hemnaksjon

– Kvifor har det blitt slik hastverk med å legge ned desse barneskulane? Utviklingslaget på Bryggja har flagga grensejustering, og dei har fått forsikring om at barneskulen skal vere sikra i Stad kommune. Denne prosessen vil gå sin gang. Her er det demokratiet og Inndelingslova som vil vere den styrande faktoren. Likevel vil Vågsøy legge ned barneskulen på Bryggja. Då opplever eg dette som ein rein hemnaksjon fordi Bryggja vil bli ein del av Stad kommune. Eg ber om at kommunestyret sluttar seg til forslaget om å behalde dagens skulestruktur til Kinn og Stad er på plass, sa Einar O. Midtbø (Tvl) frå talarstolen.

Morten Hagen (H) peika på at ein må ta den økonomiske realiteten innover seg.

– Det har vore fleire forsøk på å gjere dette til ein kamp mellom bygder. Det er det ikkje. Vi må gjere det vi har rå til. Vågsøy Høgre har tidlegare sagt at vi var villige til å sjå på saka på nytt. Vi vil ikkje legge ned for å legge ned. Og ordet hemnaksjon er heilt usakeleg, sa Hagen.

Økonomi var også eit viktig argument for Venstre og Edvard Iversen (V).

– Venstre går inn for alternativet med tre barneskular. Dette er det billegaste alternativet på årlege utgifter med 67,7 millionar. Det gir oss også ein balansert og desentralisert skulestruktur, sa han.

Iversen peika samstundes på at å bygge ein ny stor barneskule på Tennebø ikkje er med på å sikre Måløy som eit sterkt senter i Kinn kommune.

– Å legge ned ein skule eller fleire er ikkje ei lett avgjerd. Eg vil presisere at vårt standpunkt er økonomisk motivert. Legge vi ned Bryggja og Holvik skular sparar vi sju millionar. Vår motivasjon til innsparing er å sikre drift i kommunen.

Meinte ein burde vente

Geir Oldeide (R) var klar på at partiet hans ville bevare dagens skulestruktur, men meinte samstundes at ein burde vente med eit vedtak.

– Rødt sitt syn skulle vere kjent for dei fleste. Gjennom veldig mange år har vi stått på at vi bør bevare dei fem skulane vi har. Det er absolutt den beste løysinga for barna og foreldra våre. Det står vi veldig på. Men vi bør vente med ei avgjerd til vi veit kva som skjer med Bryggja, og skulestrukturen i Kinn, sa han.

Oldeide sa også at dersom partiet hans vart tvinge til å velje mellom ein eller tre skular, var han ikkje i tvil om kva han ville gå for.

Uavhengig av strukturdebatten meiner Oldeide ein må ta grep ved Skram skole.

– Noko må gjerast uavhengig av om vestre krets sine elevar skal dit eller ikkje.

Uroa for romkapasitet

Det har kome inn 18 innspel i høyringsperioden. Mange av innspela har vore knytt til romkapasitet ved Skram og Skavøypoll skular, praktisk organisering av SFO og skyssproblematikk. I tillegg har det blitt uttrykt bekymring for at sentrumsbarnehagen i Måløy skal forsvinne.

Før jul 2016 vedtok kommunestyret ein økonomiplan som legg opp til at Bryggja og Holvik skular blir lagt ned frå hausten 2018. Elevane frå Holvik skule skal då flyttast til Skram skole, medan elevane frå Bryggja skule skal flyttast til Skavøypoll skule.

Dei tre alternativa er ein skule, tre skular (Skram, Raudeberg og Skavøypoll) og fem skular (Skram, Raudeberg, Skavøypoll, Holvik og Bryggja).

Administrasjonen har greidd ut kostnadane ved dei tre ulike alternativa. Dei totale årlege utgiftene for å ha fem skular er sett til 75.093.193 kroner, tre skular 67.671.237 og ein skule 73.905.000.

Kommuneleiinga anslår at ein ny felles barneskule vil koste rundt 350 millionar kroner. Det inkluderer gymfasilitetar.

Oppvekst- og kulturutvalet vedtok 24. oktober ein struktur med fem skular. Medan formannskapet 26. oktober vedtok ein struktur med tre skular.