– Det er veldig kjekt å få slike tal. Vi prøver alle mann på laget å strekke oss for å gi kundane ei god oppleving i butikken. I tillegg har vi det veldig kjekt på jobb i lag, alle vi som arbeider her, forklarar butikksjef Anne-Petrin Kjerpeseth Kvalvåg ved Kiwi Deknepollen.

I tillegg til eit ønske om å gjere butikken til ein triveleg stad, og kjeda si satsing på frukt og grønt, som ifølge butikksjefen blir godt tatt imot, engasjerer butikken seg i aktivitetar lokalt.

– Vi fekk lov å drifte kiosken saman med Kiwi Måløy, og alle som ikkje var på jobb i butikkane var med. Det var eit fantastisk arrangement, og dette er noko som lagar trivsel på arbeidsplassen vår også – at vi er i lag utanom arbeid.

Ifølge KIWI sine eigne tal har butikken i Deknepollen auka sin omsetnad med nesten åtte prosent samanlikna med 2016.

Butikksjefen i Deknepollen, som har om lag ti tilsette i tillegg til ekstrahjelper som arbeider i høgtider og feriar, seier dei vil halde fram med å strekke seg for å bli enno betre.

– Eg tenker at vi må halde fram med den jobben vi har gjort. Dette er ikkje ei kvilepute for oss. Kjeda har no eit fokus på matkasting gjennom kampanjen «mat for ein». Kjeda legg til grunn at butikkane skal ha suksess ved å tilpasse seg forbrukarane sine ønskje. Så det er ein positive kjede der det er kjekt å vere tilsett, slår butikksjef Kvalvåg fast.