– Dette er ei sesongbedrift, og no er det ikkje sesong for noko, verken sild eller makrell. Permitteringar er noko som skjer her til liks med dei andre fabrikkane i Måløy og Kalvåg, og eigentleg innan heile Pelagia, fortel fabrikksjef Asbjørn Bøstrand, som understrekar at det ikkje er nokon dramatikk i permitteringa av 50 sesongarbeidarar i Moldefjorden.

Investerer i nytt utstyr

I 2016 investerte verksemda i eit nytt tilbygg på rundt 400 kvadratmeter fordelt over to etasjar. Tilbygget var ein sentral del av ei storsatsing til 25 millionar kroner. Målet var å legge om til heilårsdrift.

– Frå hausten av vil det vere om lag 20 tilsette på denne avdelinga. Per no er det ikkje anna aktivitet enn teknisk, vedlikehald og litt anleggsarbeid på fabrikken, forklarar Bøstrand.

Anleggsarbeidet heng saman med at det i løpet av sommarhalvåret skal installerast meir nytt utstyr på Selje-fabrikken.

– Vi har blant anna investert i ein spiralfrysar, som er ein frysar der fisken går inn i botnen, går i ein spiral oppover til han er frosen, for så å kome ut ferdig. Dette er ei investering til 4,5 millionar kroner. Vi har ikkje gjort store investeringar utover dette den siste tida, samanfattar fabrikksjefen.

Kan produsere meir

Bøstrand fortel om gode resultat ved Pelagia i Moldefjorden. Sidan 1995 har ein berre hatt eitt år med eit lite underskot, ifølgje fabrikksjefen.

– Dei siste åra har det gått bra, og til dels veldig bra. Vi hadde ein svikt i januar og februar i kvantum på makrell, men elles har det vore gode resultat hos oss, forklarar han.

Makrellproduksjonen startar i september og går gjennom hausten og vinteren. Selje-fabrikken har i stor grad vore ei sesongbedrift som har vore knytt til makrellaktivitet på hausten og vinteren.

Sjølv om det går bra for verksemda, meiner Bøstrand det kunne gått enda betre etter utvidinga for to år sidan.

– Vi har eit marknadsarbeid å gjere. Vi har selt alt vi har produsert, så vi har ikkje produsert utover marknaden, men vi har kapasitet til å produsere meir, konkluderer han.