Lakseoppdrettarar slit med utanlandske turistar som fiskar ulovleg ved oppdrettsanlegg.

– Vi har til og med opplevd at turistane har fortøydd opp til merdane, fortel Sven-Jørgen Strømmen, dagleg leiar i K. Strømmen Lakseoppdrett i Rugsund i Bremanger kommune.

Problemet med nærgåande fisketurisme meiner han likevel var større i fjor enn i år.– Dette er eit problem for oss. Tidlegare har vi funne slukar i nota, men det verkar som om det har vorte litt betre denne sommaren, seier produksjonssjef Robert Sandslett.

Eit velkjent problem

Langs kysten er det fleire oppdrettarar som gjennom fleire år har meldt inn at turistar fiskar opp i merdane eller at dei fiskar rett ved anlegga. Dette er eit velkjent problem og ei vanleg sommarplage for oppdrettsanlegga på Vestlandet.

Fiskeoppdrettarar fortvilar over frekke turistar som tar seg til rette med fiskestonga. Den største faren er at det kan kutte opp nøtene og igjen føre til fiskerømming.Regelen er at ingen har lov til å fiske nærmare enn 100 meter frå eit oppdrettsanlegg, og det er ferdselsforbod 20 meter frå fortøyingane til anlegga.

Deler ut informasjon

Ifølgje Strømmen er det mange fisketuristar frå Tyskland i områda deira.

– Og dei veit reglane. Vi deler ut material på plassane dei bur for å informere dei. Men det verkar som om dei lèt som at dei ikkje veit om reglane om dei vert tatt, eller så spelar dei dumme, seier Strømmen. Han fortel at på eit år hadde dei tre båtar som var fortøydd på ei merd. – Vi tok bilde og melde dei til politiet. Det må tydeleg ha ryktast fort, for då vart det litt rolegare, fortel han.

Kamera på anlegga sine

K. Strømmen Lakseoppdrett har konsesjon til lakseoppdrett på fire stadar; Marøy, Grunneneset, Endal aust og Løypingsnes nord i Frøysjøen.

Strømmen fortel at dei siste åra har K. Strømmen Lakseoppdrett sett opp kamera på anlegga.

– Tanken var at vi skulle styre fôringa på dei fire anlegga frå kontoret i Rugsund, forklarar Strømmen og legg til at dei ikkje har kome så langt enno.

– Men med kamera ser vi om turistar fiskar ved anlegga våre, fortel Strømmen.