– Telefonaksjonen på onsdag gjekk veldig bra. Vi fekk samla inn 484.830 kroner på dei timane vi sat der og ringte, seier Jan Fredrik Fosse i Aksjon betre veg ytre.

– Dei alle fleste vi snakka med var positive, og dei som gir, gir mykje. Men vi skal jo samle inn ein heil masse pengar, så ein må trykke til. Men det er fint å sjå at folk gjer det.

Han har også lagt merke til at det er mange unge folk som gir.

– Folk heilt ned i 16 og 18 år er inne på spleis og gir pengar. Dette betyr noko for dei også.

– Nei, og det er eg faktisk veldig imponert over. Bedrifter og folk frå Vågsøy har gitt store beløp, og langt utover det vi hadde forventa. Og vi fekk til og med to meldingar frå næringsliv i Vågsøy som på eige initiativ tok kontakt og ville sende pengar. Dette viser godt naboskap, smiler Fosse, som legg til at det også har kome bidrag frå Flora og omegn.

Folk er positive

Det er delte meiningar om det er riktig at næringsliv og privatpersonar lokalt skal måtte ta rekninga for det som er ein fylkesveg og ei fylkeskommunal oppgåve.

– Ja, det er sjølvsagt fleire som ikkje er einige i at dette er måten det må gjerast på, og eg skjøner det. Men no blir noko gjort, og tidshorisonten blir ein heilt annan, seier han, og fortel at dei fleste han har snakka med er positive til aksjonen.

Nokre uavklarte

Spleiselaget mellom Bremanger kommune (2 mill.), Sogn og Fjordane fylkeskommune (2. mill) og private/næringsliv i Bremanger (2 mill.) utløysast nemleg med ein gong dei siste to millionane er på bok.

– Har de håp om å klare dei to millionane i 2017?

– Håpet er at vi har nok pengar då, men om vi ikkje har det, så sluttar jo ikkje innsamlinga. Det går til ei viktig sak, for denne vegen er ei utfordring for svært mange.

Aksjon betre veg ytre har oppretta ei eiga Facebook-side for dei som vil lese meir og sjå korleis innsamlinga går.