Cateringfirmaet Bjørgs Mat har flytta inn i nye lokale på Raudeberg. No håpar dei å kunne tilsette fleire.

– På sikt er det heilt klart eit mål for oss å generere fleire arbeidsplassar og å utvide verksemda. Det er det som er ønskjeleg for oss, fortel dagleg leiar Kristian Simensen i Bjørgs Mat.

Cateringfirmaet, som i dag har sju tilsette, har nyleg flytta inn i nye lokale i Maritim Park på Raudeberg.

Ein enklare kvardag

Dei nye lokala til Bjørgs Mat er ifølgje Simensen både større og betre eigna for selskapet.

– Den største endringa er likevel at alt er mykje større enn vi har vore vande med.

Tidlegare var Bjørgs Mat stasjonert på eit kjøkken som var like stort som det kjølerommet dei har i dag. Alt utstyret er no på plass og selskapet er i full drift.

– Flyttinga har gått veldig bra og det meste har fungert slik som det skal, alt er flott, stort og nytt, seier Simensen.

Leverer 50 middagar dagleg

Bjørgs Mat har ifølgje Simensen eit godt samarbeid med dei andre bedriftene som held til i Maritim Park og håpar dei saman kan skape ei interesse rundt huset.

– På sikt håpar vi å kunne få til meir kurs og konferansar her. Det er i alle si interesse å utvide, forklarar han.

Frå det nye kjøkkenet på om lag 60 kvadratmeter produserer Bjørgs Mat alt frå 10 til 150 middagar kvar dag til overtidsarbeidarar på ulike verft og fiskemottak i området. Med den nye plasseringa kjem selskapet nærare nokre av dei.

– Vi ligg midt mellom Båtbygg og Stadyard, men samstundes er vi lenger vekke frå Pelagic, som vi også leverer til, seier Simensen.

Han meiner plasseringa i forhold til leveransepunkta har lite å seie, men vektlegg heller dei nye lokala.

– Vi kunne aldri ha fått slike lokale som vi har i dag i Måløy sentrum, så då måtte vi flytte på oss, seier Simensen.

Kafeen har blitt nedprioritert

Bjørgs Mat har planane klare for ein lunsjkafe i Måløy sentrum, men opninga har blitt utsett. No opnar truleg kafeen om rundt ein månad.

– I tillegg har vi konsentrert oss om å få flytta kjøkkenet vårt til Raudeberg. Så kafeen har blitt litt nedprioritert i det siste.

Kafeen skal vere ein lunsjkafe utan restaurantdrift og ha dei same opningstidene som butikkane i sentrum. Den skal vere lokalisert i Gate 1 mellom Min & Din og DNB-bygget, der det skal kome bibliotek.

– Akkurat no går det føre seg rivingsarbeid og oppbygging, og det tar tid, seier Simensen.

Kafeen skal ha to til tre tilsette, og selskapet vil nytte seg av fasilitetane på det nye kjøkkenet i produksjon av mat til kafeen.