Aurora Sofie Brekke Bergh (17) har gått tre år i Holvik barnehage og sju år på skulen. Ho unner dagens barn å få den same gode opplevinga.

– Holvik skule er den beste skulen eg nokon gong har gått på. Vi hadde eit supert klassemiljø, og alle kjende alle, seier 17-åringen frå Holvik, som også er leiar i Ungdomsrådet i Vågsøy.

Ho følte at ungdommen si stemme har mangla i alle skriveria som har vore om skulen og nedlegging.

– Det er ofte foreldra som snakkar på vegner av barna. Eg har gått her sjølv og veit kor godt eg hadde det dei sju åra eg gjekk her. Og skulen er enormt viktig for bygda, seier ho.

Best muleg oppvekst

Slik ho ser det er skulen med på å skape det gode, levande miljøet i ei bygd.

– Eg vil at dei som kjem etter meg skal få best muleg oppvekstvilkår. Og det er betre for barn å få gå på skule i nærmiljøet, og ikkje bli sendt vekk.

– Då eg gjekk i femte var vi saman med sjuande. Mi erfaring er at det er positivt å vere saman, vi fekk repetere og gå gjennom ting fleire gongar, ting sat betre. Læraren hadde alltid tid til oss, og om det var nokon som ikkje fekk til noko eller fall utanfor, var det lettare å fange desse opp tidleg. Vi blei også veldig samanknytt vi som gjekk saman, seier ho.

– Så det var nok vener til alle?

– Ja. Eg fekk ei venninne allereie første skuledag som eg framleis har. Det var stor omsorg i klassen, alle hadde nokon å vere med. Og om dei ikkje hadde det, var det sikkert 15 stykke som gjekk bort til den personen og spurte kva som var gale, seier Aurora Sofie.

– På ein mindre skule er det nok lettare å sjå om det er nokon som slit med enkelte ting enn om ein blir litt «gøymt og gløymt» i ein klasse på 25.

Ho trur heller ikkje det er verre for folk frå ein liten skule å begynne på ungdomsskulen fordi dei kjem med eit mindre kontaktnett.

– Det er nok ikkje verre for elevar frå Holvik enn for andre. Ungdomsskulen er nytt og skummelt for alle, meiner ho.

Uaktuelt å flytte heim utan skule

17-åringen trur også skulenedlegging vil få negativ effekt på tilflytting og vekst.

– I dag er Holvik og Vågsvåg bygdene med mest nybygging og tilflytting i det siste, men utan skule trur eg ikkje det blir det same, seier Aurora Sofie.

Ho går sjølv på barne- og ungdomsarbeidarlinja ved MVS, og tenker å halde fram med sjukepleiarstudier – eit yrkesval som Vågsøy burde ønske velkomen tilbake.

– Eg har i utgangspunktet lyst å flytte heim, men for meg er det ikkje aktuelt å flytte tilbake til ein kommune der dei legg ned skular, seier ho.

Ho trur skule er noko tilflyttarar har på lista over kriterium når dei skal velje stad å bu.

Debatten om Holvik skule og vidare eksistens går også mange år tilbake i tid. Omtrent kvart år kjempar foreldra for skulen.

– Holvik skulekorps er det største i kommunen, og er med på å skape liv i bygda. Utan skule er eg sikker på at dette fell saman, avsluttar ho.