4H Sogn og Fjordane kan sjå tilbake på eit aktivt år med mange nye medlemmar og fleire spennande prosjekt på gang. 7. februar samlast medlemmane til årsmøte på Skei.

– Det er heilt supert at vi har blitt endå fleire i 4H siste året, jublar Inger-Margrethe Sørland, leiar i 4H i Sogn og Fjordane.

Det største 4H-fylket i landet er med det blitt endå større.

4H i Sogn og Fjordane hadde ved utgangen av årsskiftet 1.935 medlemmar, mot 1.854 på same tid i fjor.

– Det er verkeleg oppmuntrande å sjå at vi blir fleire. Klubbane let seg ikkje påverke av endringar i organisasjonen. Dei har klart å halde oppe aktiviteten og gjere 4H endå meir attraktivt, slår fylkesstyreleiaren fast.

På fleire av dei største var det auke i tal deltakarar, til dømes under storkurset i september og Superhelga i februar. Under sistnemnde arrangement møttest over 200 4H-arar til styrekurs, inspirasjonssamling og årsmøte i 2015.

På årsmøtet vil meir enn 150 deltakarar få høyre både om året som gjekk og legge planar for 4H i åra som kjem.